4.8. Vendeverktøyet

Figur 12.63. Symbolet for “spegelvending” i verktøyskrinet

Symbolet for spegelvending i verktøyskrinet

Vendverktøyet blir brukt for å spegelvende lag eller markeringar horisontalt eller vertikalt.

4.8.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyTransformeringsverktøyaSpegelvend,

  • ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet

  • eller med tastesnarvegen Shift + F.

4.8.2. Tastekombinasjonar (Standardinnstilling)

Snarvegar

Tastekombinasjonen Shift + f vil endre det aktive verktøyet til vendeverktøy.

Ctrl

Ctrl skifter mellom horisontal og vertikal vending.

4.8.3. Verktøyinnstillingar

Figur 12.64. Innstillingane for vendverktøyet

Innstillingane for vendverktøyet

Oversyn

Du får fram verktøyinnstillingane ved å trykka på, eller i noen tilfelle dobbeltklikka på, verktøyikonet

Verkar på
[Notat] Notat

Desse knappane er felles for alle transformeringsverktøya, og er forklart nærare under Felles eigenskapar.

Vending

Bestemmer om normalinnstillinga skal vere å vende horisontalt eller vertikalt. Du kan også bestemme dette med snartast.