3. Dialogar relaterte til biletinnhaldet

3.1. Fargedialogen

Figur 13.22. Fargedialogen

Fargedialogen

Dialogen “Fargar” blir brukt for å bestemma forgrunnsfarge (FG) og bakgrunnsfarge (BG) for biletet. Normalinnstillinga er at du bruker GIMP sitt fargesystem, men du kan ved hjelp av knappane øvst i dialogvindauget også velje andre måtar for å bestemme fargen, nemleg CMYK, Triangel, Akvarell eller Skalaer. I tillegg har du ei Pipette som du med eit museklikk kan hente farge frå heile skjermen.

3.1.1. Aktivering

Du kan få fram dialogvindauget på fleire måtar:

  • frå menyen i verktøyskrinet: FilDialogarFargar

  • frå verktøyskrinet ved å klikka på ruta for forgrunns- eller bakgrunnsfarge.

  • frå biletmenyen: DialogarFargar

  • eller frå ein annan dialogmeny: Legg til faneFargar

3.1.2. Å bruke dialogen

GIMP

I fargeveljaren “GIMP” (symbolisert med ein liten Wilber) bestemmer du fargen ved å klikke på ruta som inneheld eit utsnitt av eit fargekart. Du kan bestemme fargeområdet for utsnittet ved å klikke på ei fargestripe like til høgre for fargeruta. Har du bruk for å bestemma andre parametrar for fargen, kan du bruke knapperada heilt til høgre i vindauget. Her kan du velje mellom K (kulør), M (metning), L (lysverdi), R (raud), G (grøn) og B (blå). Sjå meir om fargesystema i ordlista under RGB .

CMYK

Dette er eit fargesystem som blir brukt ved utskrifter. Difor finn du det under knappen merka med ein skrivar. Du kan stille inn verdiane for C, M, Y og K med skyvebrytarar. Sjå meir om dette fargesystemet i ordlista under fargemodellen CMYK.

Triangel

Fargeveljaren “Triangel” er kanskje betre kjent som HSV -fargesirkelen. Du veljer kulør ved å flytte ein liten ring rundt på ein fargesirkel, og metning og lysverdi ved å flytte ein annan ring rundt i eit triangel.

Akvarell

Denne fargeveljaren operer litt anleis enn dei andre veljarane. Her gir du den eksisterande forgrunnsfargen eller bakgrunnsfargen ei ny fargetone ved å klikke på fargekartet. For eksempel, dersom forgrunnen er sett til kvit, kan du gi denne ei raudtone ved å klikke i det raude området av fargekartet. Gjentatt klikking på same fargen vil forsterka effekten. Glidebrytaren heilt til høgre i vindauget bestemmer kor mykje fargen skal forandrast ved kvart klikk. Dess høgare brytaren er sett, dess større blir forandringane ved kvart klikk.

Skalaer

Dette valet finst bare i fargeveljaren du får frå filmenyen i verktøyskrinet og frå dialogmenyen i biletmenyen. Knappen er merka med to glidebrytarar.

Denne dialogen inneheld seks glidebrytarar som du kan bruke for å bestemme verdiane for fargekanalane R, G og B i RGB -systemet, og dessutan verdiane for H, S og V i HSV -systemet. Det er også eit vindauge som viser korleis fargen ser ut i hexkode, dvs. HTML-notasjon. Du kan også skrive inn verdiar i dette vindauget.

Fargepipetta

Dette valet finst bare i fargeveljaren du får frå filmenyen i verktøyskrinet og frå dialogmenyen i biletmenyen. Knappen er merka med to glidebrytarar.

Fargepipetta opererer ikkje ulikt verktøyet fargehentaren, men i staden for å hente farge bare frå det aktive biletet, kan denne hente farge frå heile skjermen.

Som omtalt ovanfor, er fargeveljaren som blir kalla opp frå filmenyen i verktøyskrinet og frå biletmenyen ulik den som kjem fram etter oppkall med andre metodar. Den første dialogen viser forgrunns- og bakgrunnsfargen heilt nedst i vindauget. Den fargen du har vald, er synleg i rutene nedst i vindauget. Du kan også klikke i desse rutene for å bestemma om fargen skal gjelde for- eller bakgrunnen. Den ruta som er aktiv er markert med ei tynn, grå ramme rundt seg. Alle fargeendringane gjeld for den aktive ruta.

Klikkar du på symbolet som er sett saman av to piler, vil forgrunns- og bakgrunnsfargane bytte plass. Diagonalt frå dette symbolet, finn du ein annan knapp merka med to kvadrat, eitt svart og eitt kvitt. Klikkar du på dette, vil forgrunns- og bakgrunnsfargane bli tilbakestilt til normalen, dvs. svart og kvit.