6. Andre verktøy

6.1. Baneverktøyet

Figur 12.79. Ikonet for baneverktøyet i verktøyskrinet

Ikonet for baneverktøyet i verktøyskrinet

Med dette verktøyet kan du lage komplekse markeringar med ein metode som til vanleg blir kalla “Bézierkurver”. Bézierkurvene liknar ein del på “Lassoen”, men bruker i tillegg vektorkurver. Du kan redigera kurvene, teikna med dei og både lagra og hente dei fram igjen. Du kan også bruke verktøyet for å lage geometriske figurar. Baneverktøyet har sitt eige dialogvindauge.

6.1.1. Aktivering

Du kan få fram dette verktøyet på fleire måtar :

  • Frå biletmenyen via VerktøyBaner,

  • ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet

  • eller med tastesnarvegen B.

6.1.2. Tastekombinasjonar (Standardinnstilling)

[Notat] Notat

Legg merke til at det dukkar opp hjelptekstar nedst i biletvindauget når du bruker desse tastane.

Shift

Denne tasten har fleire funksjonar som er avhengige av samanhengen han blir brukt i. Sjå nærare om desse under verktøyinnstillingane.

Ctrl/Alt

Baneverktøyet kan bli brukt i tre ulike modus: Design (Lag ny), Rediger og Flytt. Ctrl-tasten bytter mellom Design og Rediger. Alt-tasten (eller Ctrl+Alt) bytter mellom Design og Flytt.

6.1.3. Verktøyinnstillingar

Figur 12.80. Innstillingane for baneverktøyet

Innstillingane for baneverktøyet

Oversyn

Du får fram verktøyinnstillingane ved å trykka på, eller i noen tilfelle dobbeltklikka på, verktøysymbolet

Som for dei andre verktøya, kan du angre endringane med tastekombinasjonen Ctrl+Z.

Designmodus

Dette er normalmodus for Baneverktøyet. Du teiknar banen ved å klikka der du vil ha kontrollpunkta. Du kan flytte kontrollpunkta ved å klikka på dei og dra dei dit du vil. Mellom kontrollpunkta finn du segmenta.

Tala viser stega for å teikne ein rett bane med to segment.

Det er lett å laga boga segment ved å dra eit segment eller eit kontrollpunkt (ein node). Kurva blir indikert med blå piler. Det kjem også fram to “handtak” som du tar tak i når du vil bøye kurva.

[Tips] Tips

For å lukka kurva på raskaste måten, klikker du på startpunktet medan du held nede Ctrl-tasten. I tidlegare versjonar blei banen omgjort til ei markering ved å klikka innføre banen. Nå må du bruka knappen Opprett markering frå bane eller knappen Strek opp bane i banedialogen.

[Tips] Tips

Når du arbeider med to handtak, vil dei arbeida symetrisk mot kvarandre. Slepp du opp museknappen, kan du flytta handtaka uavhengig av kvarandre. Trykker du ned Shift-tasten, vil handtaka arbeide symetrisk igjen.

Du har fleire funksjonar å velje mellom når du arbeider i designmodus:

Legg til ny node: Dersom den aktive noden (kontrollpunktet, vist som ein open, tom sirkel etter at du har klikka på noden) er ved slutten av banen, vil musemarkøren ha form som eit “+”-teikn. Klikkar du ein ny plass, vil det bli laga ein ny node her, kopla til den førre noden med eit segment. Dersom den aktive noden ligg på banen, vil musemarkøren ha skap som eit kvadrat, og du kan lage ein ny komponent på banen. Denne nye komponenten er uavhengig av dei andre, men høyrer likevel med til banen. Dette kan du sjå på banedialogen. Du kan også lage ein ny komponent ved å halde nede Shift-tasten.

Flytt ein eller fleire noder: Modus blir markert ved at musemarkøren har form som eit kors av fire piler. Du kan klikke og dra med dette verktøyet. Ved å halde nede Shift-tasten, kan du velje fleire noder ved å klikke på dei. Held du nede tastekombinasjonen Ctrl-Alt, kan du flytte heile banen i eitt stykke.

Handtaka: Når du arbeider med handtaka, kan du skifte mellom symetrisk eller usymetrisk behandling med Shift-tasten.

Endre segment: Når du klikkar på eit segment (linja mellom punkta), vil musemarkøren endra utsjånad til 4-pilskrossen. Dra for å bøya segmentet. Så snart du byrjar å flytte markøren, vil handtaka dukke opp i begge endar av segmentet. Du kan skifte til symetriske handtak med Shift-tasten.

Redigeringsmodus

I Redigeringsmodus finst det ein del funksjonar som ikkje er tilgjengelege når du er i Designmodus. Du kan bare redigera på eksisterande baner. Kjem peikaren utanfor banen, blir utsjånaden endra til eit “Forbodsskilt”. Du kan ikkje gjere noe som helst.

Legg til segment mellom to noder: Klikk på ein node for å aktivera banen. Musemarkøren vil endre seg til “” (unionsymbolet). Klikk på ein annan node for å lenke desse saman. Dette kan vere nyttig når du skal lenke saman opne komponentar.

Fjerne eit segment frå banen: Hald nede kombinasjonen Shift-Ctrl medan du peikar på eit segment. Musemarkøren endrar seg til “-”. Klikk for å fjerna segmentet.

Legg til node i ein bane: Peik på eit segment. Musepeikaren endrer utsjånad til “+”. Klikk der du vil ha det nye kontrollpunktet.

Fjern ein node: Held du nede kombinasjonen Shift-Ctrl medan du peikar på ein node, vil musepeikaren skifte til “-”. Klikk for å fjerna noden.

Legg til handtak til ein node: Peik på noden. Peikaren skifter til ei lita hand. Flytt på noden og handtaka dukkar opp. Shift-tasten skifter mellom symmetriske handtak eller ikkje.

Fjerne eit handtak frå ein node: Hald nede Shift-Ctrl medan du peikar på eit handtak. Peikaren skifter ikkje til det venta minusteiknet, men er framleis ei lita hand. Klikk på handtaket for å fjerna det.

[Obs] Obs

Du får ingen varsel før du fjernar ein node, eit segment eller eit handtak.

Flyttemodus

Når du er i Flyttemodus kan du flytte ein del av banen eller alle delane i ein bane ved å klikka og dra.

Har du fleire element, vil bare dei markerte elementa bli flytta på. Klikkar du utanfor ein bane, vil alle elementa bli flytt. Shift-tasten skifter mellom å flytte alle eller bare utvalde element.

Polygonal

Med dette valet er alle segmenta lineære. Det blir ikkje sett til handtak, og segmenta blir rette sjølv om du flyttar på dei.

Opprett markering frå bane

Trykker du ned denne knappen, vil banen bli laga om til ei markering. Markeringa blir som vanleg vist med “marsjerande maur” rundt kantane. Du kan nå arbeide vidare med baneverktøya som før utan å påverka markeringa. Bytter du verktøy, blir markeringa usynleg. For å få ho synleg, må du gå inn i banedialogen og aktivere markeringa.

Dersom banen ikkje er lukka vil GIMP lukke banen med ei rett linje mellom endepunkta.

Held du nede Shift-tasten medan du lager banen, vil den nye markeringa bli lagt til ei eventuelt eksisterande markering. Held du nede Ctrl-tasten vil den nye markeringa bli trekt i frå den eksisterande, og held du nede begge tastane samstundes, vil resultatet bli eit snitt mellom den gamle og den nye markeringa.

Strek opp bane

I tidlegare versjonar av GIMP var denne kommandoen bare tilgjengeleg via ein undermeny til biletmenyen. Nå kan du altså bruke denne knappen i tillegg til menyinngangen. Sjå nærare om dette i avsnittet strek frå bane.

Du finn meir om dette i kapitlet Banar.