6.3. Lupe

Figur 12.84.


Verktøyet for å forstørre eller forminske biletet, også kalla “lupe” eller “zoom-verktøyet”, blir brukt for å forstørre eller forminske visinga av biletet. Dersom du klikkar på biletet med verktøyet, vil dette verke inn på heile biletet, men du kan også klikke og dra med musepeikaren for å markere eit rektangel som blir forstørra eller forminska. Dersom det ikkje er merka av for “automatisk tilpassing av vindauget”, vil den lengste sida i rektanglet tilpassa seg tilsvarande side i biletvindauget.

6.3.1. Aktivering

  • Du kan henta fram dette verktøyet frå biletmenyen via VerktøyFargepipette

  • eller ved å klikka på symbolet i verktøyskrinet.

6.3.2. Tastekombinasjonar (Normalinnstillinga)

Ctrl

Hald nede Ctrl-tasten for å få lupa til å bytte retning i høve til det som er sett i innstillinsvindauget.

6.3.3. Innstillingar

Figur 12.85. Innstillingane for verktøyet “forstørr/forminsk

Innstillingane for verktøyet forstørr/forminsk

Oversyn

Du kan få fram innstillingane for dette verktøyet ved å klikke, eventuelt dobbeltklikke, på symbolet i verktøyskrinet.

Automatisk tilpassing av vindauget

Gjer at biletvindauget om nødvendig vil forandra storleik for å tilpassa seg den nye visinga.

Verktøymodus

Her bestemmer du om verktøyet skal forstørre eller forminske.

Terskel

Denne glidebrytaren bestemmer minstestorleiken eit rektangel må ha for at lupa skal ha noen innverknad. Ein høg terskelverdi betyr at rektangelet må vere stort før det blir forstørra eller forminska. Med ein liten terskelverdi kan eit lite rektangel lett bli blåst opp til 2 000 % av normalverdien. (Denne funksjonen ser ikkje ut til å verke på min maskin).

6.3.4. Zoom-menyen

Lupa er ikkje den einaste måten å påverka kor stort biletet skal visast på skjermen. Du kan også bruke Zoom-menyen. Denne menyen gir deg mellom anna høve til å bestemma meir nøyaktig kor mykje biletet skal forstørrast eller forminskast.