11.15. Predator

11.15.1. Oversyn

Figur 17.236. Eksempel på bruk av filteret «predator»

Eksempel på bruk av filteret «predator»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «predator»

Eksempel på bruk av filteret


Dette filteret legg til ein «predator»-effekt i biletet. Effekten har opphavet sitt i predator-filmane og skal etterlikne måten predatoren ser omverda på i desse filmane, dvs. ei form for termogram eller liknande. Filteret reduserer biletet til ei form for relieff med nokre få basisfargar på ein mørk bakgrunn.

Dersom det er eit aktivt utval i biletet, vil filteret arbeide på dette, elles vil det arbeide på alfakanalen i biletet. Filteret legg til alfakanal dersom denne manglar. Effekten gjer seg best på fargerike bilete i RGB-format.

11.15.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå menyen i biletvindauget via FilterArtistiskPredator….

11.15.3. Innstillingar

Figur 17.237. Innstillingane for filteret «predator»

Innstillingane for filteret «predator»

Kantmengde

Filteret «Predator» brukar sobeldelen av filteret relieff for å finna og markera brå fargeovergangar, kantar, i biletet. Verdien du vel for kantmengde vert overført til dette filteret. Dess høgare verdi, dess fleire kantar vert markerte.

Figur 17.238. Eksempel på bruk av kantmengde

Eksempel på bruk av kantmengde

4

Eksempel på bruk av kantmengde

8

Eksempel på bruk av kantmengde

16


Pikseliser

Dersom dette valet er aktivert, vert filteret pikseliser brukt for å byggja opp biletet av mange einsfarga kvadrat før predatoreffekten vert tilført. Storleiken på desse kvadrata har stor innverknad på det ferdige biletet, og vert bestemt med kontrollelementet Pikselmengde. Sjå eksempla nedanfor.

Blokkstorleik

«Pikselmengd» er storleiken på fargeblokkene som biletet vert forenkla til dersom Pikseliser er merkt av. Det som eigentleg skjer er at biletoppløysinga vert sterkt redusert. I eksempelet nedanfor kan du sjå direkte korleis det å gjera pikselblokka større fører til noko liknande «makropikslar»:

Figur 17.239. Eksempel på «pikselisering»

Eksempel på «pikselisering»

Fråkopla

Eksempel på «pikselisering»

4

Eksempel på «pikselisering»

8

Eksempel på «pikselisering»

16


Behald utvalet

Dersom det er merkt av for denne, vil det aktive utvalet eller, dersom det ikkje finst utval i biletet, det aktive laget vera aktivt også etter at filteret er brukt.

Del laga

Dette valet gjer at filteret vil arbeide på ein kopi av det aktive laget. Det opphavlege laget vert uforandra. Dersom dette valet ikkje er aktivert, vil filteret arbeide på det aktive laget.