3.7. Pikseliser

3.7.1. Oversyn

Figur 17.22. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

«Gjer om til pikslar» brukt


Dette filteret omformar biletet til store fargeblokker noko liknande slike som vert brukte på fjernsyn for å kamuflera ansiktet til folk som ikkje skal gjenkjennast. Denne effekten er nærare forklart i [BACH04] som «Abraham Lincoln Effekt».

3.7.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterSløringGjer om til pikslar….

3.7.3. Innstillingar

Figur 17.23. Innstillingane for filteret «Gjer om til pikslar«

Innstillingane for filteret «Gjer om til pikslar«

Førehandsval, «Inndatatype», klipping, blandingsval, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Form

MÅ GJERAST. Verkar ikkje

Blokkbreidde, Blokkhøgde

Her bestemmer du breidda og høgda på blokkene i pikslar.

Normalt er breidde og høgde lenka saman, vist med lenkesymbolet. Du kan fjerne samanlenkinga ved å klikke på lenkesymbolet.

Storleiksforhold X, Storleiksforhold Y

Vassrett og loddrett storleiksforhold (0,000-1,000) til ein piksel inne i ei blokk. Standardverdien er 1,000. Talet på blokker er heile tida det same. Viss du endrar forholdet, vert storleiken på blokka endra. Dei manglande pikslane vert erstatta med bakgrunnsfargen.

Bakgrunnsfarge

Standard bakgrunn er den som er sett i verktøykassa. Du kan endra han ved å klika på ei fargekjelde eller ved å bruka fargeplukkaren til høgre.