6.12. Perspektivskugge

6.12.1. Oversyn

Figur 17.141. Eksempel på bruk av filteret «perspektivskugge»

Eksempel på bruk av filteret «perspektivskugge»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «perspektivskugge»

Filteret «Perspektivskugge» brukt


Dette filteret legg ein perspektivskugge til det valde området eller alfakanalen som eit nytt lag under det gjeldande laget. Du kan bestemma farge, lengd og retning for skuggen og avstanden til horisonten.

Filteret lagar biletet større dersom det er nødvendig for å gje plass til skuggen. Det vert ikkje lagt til bakgrunn for å gjera skuggen synleg.

6.12.2. Aktivering

Du finn dette filteret i menyen i biletvindauget under FilterLys og skuggePerspektiv….

6.12.3. Innstillingar

Figur 17.142. Innstillingane for filteret «Perspektivskugge»

Innstillingane for filteret «Perspektivskugge»

Vinkel

Vinkelen bestemmer retninga for skuggen, eller retninga til den tenkte lyskjelda om du heller vil. Glidebrytaren går frå 0° til 180°, der 90° svarar til at lyskjelda er like framføre biletet og at skuggen altså går rett inn i biletet. Vinklar mindre enn 90° fører til at skuggen går mot høgre, dvs. at lyskjelda er på venstre side. Vinklar større enn 90° fører til at skuggen går mot venstre, altså med lyskjelda på høgre side. Det enklaste er kanskje å tenkja seg at lyskjelda er i handtaket på glidebrytaren.

Figur 17.143. Ulike skuggevinklar

Ulike skuggevinklar

Vinkel 15°

Ulike skuggevinklar

Vinkel 45°

Ulike skuggevinklar

Vinkel 105° (90° + 15°)


Relativ avstand til horisonten

Her bestemmer du kor langt borte den imaginære horisonten (forsvinningspunktet) skal vera. Den relative avstanden er avstanden frå grunnlinja i utvalet eller laget medan måleeininga er høgda på utvalet eller laget.

Måleområdet går frå 0,1 til 24,1 der 24,1 er tilnærma uendeleg. Den relative skuggelengda må ikkje vera større enn avstanden til horisonten.

Figur 17.144. Eksempel på bruk av «avstand til horisonten»

Eksempel på bruk av «avstand til horisonten»

Vinkel = 45°. Avstand = 2,4. Skuggelengd = 1,8.


I eksemplet ovanfor er det gule området utvalet som filteret vert brukt på. Den blå linja øvst viser den imaginære (tenkte) horisonten. Vinkelen mellom grunnlinja og den raude linja er 45°. Lengda på denne linja er 1,8 gonger høgda av det gule utvalet. Utvidinga mot horisonten er 2,4 gonger høgda på utvalet.

Relativ skuggelengd

Dette er lengda av skuggen i høve til høgda på utvalet eller laget. I eksemplet ovanfor er dette vist med den raude linja, som er 1,8 gonger høgda på det gule utvalet.

Verdiområdet går frå 0,1 til 24,1, men lengda på skuggen må ikkje vera større enn den relative avstanden til horisonten ‒ du kan ikkje gå forbi horisonten.

Figur 17.145. Eksempel på bruk av «skuggelengd»

Eksempel på bruk av «skuggelengd»

Lengd = 1,0 (førevald)

Eksempel på bruk av «skuggelengd»

Lengd = 1,5


Sløringsradius

Etter å ha laga skuggen, vert det lagt til ei gaussisk sløring med den gjevne radiusen på skuggelaget, noko som gjer skuggen meir realistisk.

Figur 17.146. Eksempel på sløring

Eksempel på sløring

Sløringsradius = 3 (førevalet)

Eksempel på sløring

Utan sløring (radius = 0)


Farge

Den førevalde fargen er naturleg nok svart, men du kan få opp fargeveljaren ved å klikke på fargeknappen og velje den fargen du måtte ønskje.

Dekkevne

Dekkevna for skuggen er det same som dekkevna for det nye laget som inneheld skuggen. (Sjå Del 1.1, «Eigenskapar for laga»). Førevalet er sett til 80 %, men du kan velja alt frå 0 (full gjennomsikt) til 100 (fullstendig ugjennomsiktig). Etter at filteret er lagt til i biletet, kan du også regulera dekkevna i lagdialogvindauget.

Interpolering

Her bestemmer du kva interpolering som skal brukast når skuggelaget skal transformerast på ein eller annan måte, t.d. roterast. Vel du Ingen, vil dette ofte føra til taggete kantar på skuggen. Dei andre metodane kan føra til små fargeendringar i delar av skuggen. Som oftast vil Lineær vera eit godt val.

Tillat endring av storleik

Gjev filteret lov til å gjera biletet større dersom dette er nødvendig for å få plass til skuggen.

I eksempelet nedanfor er det aktive utvalet gult medan bakgrunnen er lyseblå. Det kvite området er lagt til for å gjera skuggen synleg.

Figur 17.147. Eksempel på bruk av «tillat endring av storleik»

Eksempel på bruk av «tillat endring av storleik»

Tillat endring av storleik

Eksempel på bruk av «tillat endring av storleik»

Ikkje tillat endring av storleik