6.11. Slagskugge (tradisjonell)

6.11.1. Oversyn

Figur 17.138. Eksempel på bruk av filteret «Slagskugge (tradisjonell)»

Eksempel på bruk av filteret «Slagskugge (tradisjonell)»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Slagskugge (tradisjonell)»

«Slagskugge (tradisjonell) er brukt her. Det kvite bakgrunnslaget er lagt til manuelt.


Dette filteret legg ein slagskugge til det gjeldande utvalet eller til heile biletet dersom det ikkje er noko gjeldande utval. Dersom det er nødvendig, vil filteret gjera biletet større for å få plass til skuggen.

Du kan velja farge, retning og storleik på skuggen.

Bakgrunnslaget som filteret opprettar er gjennomsiktig utanom i skuggen. For å gjera skuggen synleg, kan du eventuelt leggja til eit kvitt lag under skuggelaget.

6.11.2. Aktivering

Du finn dette filteret i menyen i biletvindauget under FilterLys og skuggeSlagskugge (tradisjonell).

6.11.3. Innstillingar

Figur 17.139. Innstillingane for filteret «Slagskugge (tradisjonell)»

Innstillingane for filteret «Slagskugge (tradisjonell)»

Forskyv X, Forskyv Y

Laget som inneheld slagskuggen vert flytt X pikslar vassrett og Y pikslar loddrett. Så X- og Y-forskyvinga bestemmer plasseringa av skuggen i høve til biletet. Høge verdiar gjer at den imaginære lyskjelda ser ut til å vera langt borte, medan låge verdiar gjer at kjelda ser ut til å vera nærare biletet.

Forskyvinga kan også vera negativ. Med X < 0 vert skuggen flytt mot venstre og med Y < 0 oppover.

Dersom det ikkje er noko aktivt utval i biletet, må Tillat endring av storleik vera slått på for at skuggen skal verta synleg.

Sløringsradius

Når skuggen er laga, vert det brukt gaussisk sløring med den spesifiserte radiusen på skuggelaget. Dette gjer skuggen meir realistisk. Sidan sløringa utvidar skuggen, kan det vera nødvendig å slå på Tillat endring av storleik for å sjå effekten fullt ut.

Farge

Dette er skuggefargen. Klikk på knappen og vel ein høveleg farge når fargeveljaren kjem opp.

Figur 17.140. Eksempel på bruk av farge i filteret «slagskugge»

Eksempel på bruk av farge i filteret «slagskugge»

Dekkevne

Dette det same som å setja dekkevna for det laget som inneheld skuggen. Dekkevna bestemmer kor gjennomsiktig skuggen skal vera. (Sjå om dekkevne i Del 1.1, «Eigenskapar for laga»). Normalinnstillinga er 80 %, men du kan bruka heile skalaen frå 0 (full gjennomsikt) til 100 (full dekkevne). Etter at filteret er lagt til i biletet kan du også regulera dekkevna for skuggelaget i lagdialogvindauget.

Tillat endring av storleik

Dersom dette valet er aktivert, vil filteret gjera biletet større dersom dette er nødvendig for å få plass til skuggen. Kor stort biletet vert, er avhengig av forma på utvalet, sløringsradius og forskyvinga av skuggen.