14.25. Kretskort

14.25.1. Oversyn

Figur 17.395. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Filteret «Kretskort» brukt.


Filteret kretskort fyller det valde området eller alfakanalen med eit mønster som kan likne det du finn på kretskorta («printbretta») inne i elektronisk utsyr. Resultatet kan ofte forbetrast ved å legge eit fargeovergangslag over mønsterlaget.

[Tips] Tips

Effekten ser ut til å verta best på ulikeforma utval, truleg på grunn av avgrensingar i formlane som vert brukte for å lage labyrinten.

Dersom biletet er indeksert, er denne menyoppføringa gråa ut og utilgjengeleg.

[Notat] Notat

Filteret lagar eit gråtonebilete i RGB-modus.

Resultatbiletet er uavhengig av originalbiletet.

14.25.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå menyen i biletvindauget via FilterTeikningarKretskort….

14.25.3. Innstillingar

Figur 17.396. Innstillingane for filteret «Kretskort»

Innstillingane for filteret «Kretskort»

Maskestorleik

Denne innstillinga vert brukt til å setje verdien for filteret oljemaling i pikslar frå 3 til 50. Normalverdien er 17. Større verdiar gjer strekane meir utydelege.

Startverdi

Startverdien er ein verdi frå 1 til 3 000 000 som vert brukt for å lage eit tilfeldig frø. Normalverdien er 3.

Ingen bakgrunn (bare for delte lag)

Er denne avmerka, vert mørke område av teikninga gjennomsiktige slik at bakgrunnsbiletet er synleg gjennom desse hola. Valet Del laga må vere avkryssa for at denne funksjonen skal verke. Valet er normalt ikkje avmerka.

Behald utvalet

Viss det finst eit aktivt utval når dette skriptet vert kalla opp, kan du behalda utvalet og dei marsjerande maura med dette alternativet. Dette er også normalinnstillinga.

Del laga

Når det er avmerka for denne funksjonen, som er normalinnstillinga, vil filteret opne eit nytt lag og teikne på dette. Er funksjonen ikkje avmerka, vert kretskortet teikna på det aktive laget.

14.25.4. Å lage kretskorteffekten

Denne effekten vert laga gjennom følgjande steg:

  1. Filteret køyrer først filteret labyrint med 5 pikslar brei strek og kantane sett med den såkalla «depth first» algoritmen. Mønsteret for labyrinten vert sett ut frå verdien i Startverdi i kretskortmenyen.

  2. Labyrinten vert deretter teikna over med filteret oljemaling med penselbreidda bestemt av maskestorleik.

  3. Det neste steget er å forsterke kantane på den oljeutsmørte labyrinten med filteret sobelrelieff med utglattingsverdien sett til 2,0. Dette lagar høg kontrast som på eit printbrett.

  4. Til slutt vert biletet avmetta til gråfargar i RGB-modus.