14.22. Gfig

14.22.1. Oversyn

Figur 17.366. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Gfig»


Dette filteret er eigentleg eit enkelt teikneverktøy som kan brukast for å teikne geometriske figurar på biletet. Filteret er nokså komplekst, men kanskje vil denne rettleiinga hjelpe deg noko på veg.

Filteret legg alle nye element i eit nytt biletlag. Resten av biletet vert ikkje forandra.

14.22.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterTeikningarGfig

14.22.3. Innstillingar

Figur 17.367. Innstillingane for filteret «Gfig»

Innstillingane for filteret «Gfig»

Førehandsvisinga er i praksis arbeidsområdet ditt. Her legg du til figurane. Fører du musepeikaren over området, vil det kome fram to hjelpelinjer som kan vere til hjelp for å plassere endringane.

Du kan legge til eller endre figurane ved hjelp av Gfig verktøylinje med høvelege innstillingar sett i Gfig hovudvindauget

14.22.3.1. Verktøylinja i Gfig

Øvst i vindauget finn du ei rad med ikon som representerer dei tilgjengelege funksjonane. Held du musepeikaren over eitt av ikona, vil det dukke opp ein forklarande tekst.

Teiknefunksjonar

Den venstre delen av verktøylinja inneheld funksjonar som vert brukte for å teikne ulike figurar. Du aktiverer dei ved å klikke på ønskt funksjon. Du har valet mellom følgjande funksjonar:

Lag linje

Dette verktøyet vert brukt for å teikne rette linjer. Klikk på førehandsvisinga for å markere startpunktet og dra musepeikaren til endepunktet. Linja vert teikna når du slepp opp museknappen.

Lag rektangel

Dette verktøyet vert brukt for å teikne firkantar. Klikk på førehandsvisinga for å markere startpunktet og dra musepeikaren til sluttpunktet.

Lag sirkel

Dette verktøyet vert brukt for å teikne sirklar. Klikk på førehandsvisinga for å markere sentrum i sirkelen og dra musepeikaren til ønskt radius. Sirkelen vert teikna når du slepp opp museknappen.

Lag ellipse

Dette verktøyet vert brukt for å teikne ellipsar. Klikk på førehandsvisinga for å markere sentrum og dra musepeikaren til ønskt form og storleik. Ellipsa vert teikna når du slepp opp museknappen.

Lag boge

Dette verktøyet vert brukt for å teikne bogar. Klikk på førehandsvisinga for å markere startpunktet. Flytt musepeikaren og klikk der du ønskjer midtpunktet i kurva. Endeleg klikkar du der slutten av bogen skal vere. Filteret vil nå lage ein boge gjennom desse tre punkta.

Lag regulær mangekant

Dette verktøyet vert brukt for å teikne polygon (mangekantar). Først går du til Verktøyinnstillingar, som kjem fram når du klikkar på verktøyet, og bestemmer kor mange Sider figuren skal ha. Klikk på førehandsvisinga for å markere midtpunktet i figuren og dra musepeikaren til ønskt storleik. Mangekanten vert teikna når du slepp opp museknappen.

Lag stjerne

Dette verktøyet vert brukt for å teikne stjerner. Først går du til Verktøyinnstillingar, som kjem fram når du klikkar på verktøyet, og bestemmer kor mange Sider (strålar) figuren skal ha. Klikk på førehandsvisinga for å markere midtpunktet i figuren og dra musepeikaren til ønskt storleik og plassering. Stjerna vert teikna når du slepp opp museknappen.

Lag spiral

Dette verktøyet vert brukt for å teikne stjerner. Først går du til Verktøyinnstillingar, som kjem fram når du klikkar på verktøyet, og bestemmer kor mange Sider (omdreiingar) spiralen skal ha og kva Orientering (rotasjonsretningen) som skal brukast. Klikk på førehandsvisinga for å markere midtpunktet i figuren og dra musepeikaren til ønskt storleik. Spiralen vert teikna når du slepp opp museknappen.

Lag Bezier-kurve

Dette verktøyet vert brukt for å teikne bézierkurver. Klikk på førehandsvisinga for å markere startpunktet og dei andre punkta som styrer kurva. Når du er ferdig, hald nede Shift-tasten medan du klikkar for å avslutta kurvelaginga. Kurva vert teikna når du slepp opp museknappen.

Funksjonar for objektbehandling

I den midtre delen av verktøylinja finn du ein del verktøy for å påverka det teikna objektet:

Flytt eit objekt

Dette verktøyet vert brukt for å flytte det aktive objektet. For å aktivere eit objekt, klikkar du på eit av kontrollpunkta for objektet.

Flytt eit enkelt punkt

Dette verktøyet vert brukt for å flytte eit kontrollpunkt i det aktive objektet. Klikk på punktet og dra det til ønskt posisjon. Kvart punkt flytter objektet på ulike måtar.

Kopier eit objekt

Dette verktøyet vert brukt for å kopiere eit objekt. Klikk på eit av kontrollpunkta i objektet og dra kopien til ønskt posisjon.

Fjern eit objekt

Klikk på det kontrollpunktet du ønskjer å ta bort.

Vel eit objekt

Dette verktøyet vert brukt for å aktivere eit objekt. Klikk på det kontrollpunktet i objektet du ønskjer å aktivere.

Funksjonar for objektorganisering

I den høgre delen av verktøylinja, eventuelt i nedtrekkslista, finn du ein del verktøy for å innrette objekta:

Opp (hev det valde objektet), Ned (senk det valde objektet)

Desse verktøya vert brukte for å heve eller senke eit objekt.

Topp, Botn

Treng vel ikkje nærare forklaring.

Funksjonar for objektvising

Tilbake, Framover

Trykk på eit av desse ikona for å gå eitt steg bakover eller framover i visingslista. Bare det valde objektet er synleg.

Vis alle objekta

Har du brukt dei førre menyvala, kan du få fram alle objekta igjen ved å trykke på dette menyvalet.

[Notat] Notat

Dersom vindauga er for små til å vise alle symbola, vert det oppretta ei nedtrekksliste med dei funksjonane det ikkje er plass til i lista.

14.22.3.2. Hovudvindauget i Gfig
Objektdetaljar

XY posisjon viser posisjonen til musepeikaren.

Verktøyinnstillingar

Dersom det valde verktøyet har innstillingar som kan endrast, kan du gjere dette her.

Strøk

Dersom det er merka for denne funksjonen, vert objektet streka opp med den fargen du har vald ved å trykka i Fargeruta og den penseltypen du har vald ved eventuelt å trykka på Bla gjennom for å få fram penselveljaren.

Fyll

Ved hjelp av denne nedtrekkslista kan du bestemma om objektet skal fyllast, og i tilfelle om det skal fyllast med ein farge, eit mønster eller ein fargeovergang («Gradient fill»).

Vis rutenett

Marker denne dersom du ønskjer å legge eit rutenett over førehandsvisinga for å lette arbeidet med å plassera objekta.

Fest til rutenettet

Dersom det er markert for denne, vil objektet vert retta inn etter rutenettet.

Vis biletet

Dersom denne er markert, veret det aktive biletet vist i førehandsvisinga.