12.5. Tåke

12.5.1. Oversyn

Figur 17.264. Eksempel på bruk av filteret «tåke»

Eksempel på bruk av filteret «tåke»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «tåke»

«Tåke» brukt


Dette filteret lagar eit nytt lag i biletet med skyer som kan likna på tåke eller røyk. Skyene vert laga med Plasma-tekstur.

12.5.2. Aktivering

Du finn dette filteret på menylinja i biletvindauget gjennom FilterDekorTåke….

12.5.3. Innstillingar

Figur 17.265. Innstillingane for filteret «Tåke»

Innstillingane for filteret «Tåke»

Mellom dei få innstillingane, er det berre «turbulens» som er viktig fordi du ikkje kan endra innstillingane seinare. Viss resultatet ikkje er heilt vellukka, må du angra alt og byrja på nytt.

Lagnamn

Namnet på laget. Du kan endra det seinare i dialogvindauget for Lag.

Tåkefarge

Har som standard ein sandbrun (240, 180, 70) farge. Trykk på fargeknappen om du meiner at denne fargen ikkje er ein naturleg tåkefarge.

Turbulens

Dette er eigentleg turbulensinnstillingane for filteret Plasma: det kontrollerar kompleksiteten til skyene, frå mjuke (låg verdi) til harde (høg verdi).

Dekkevne

Dekkevna for laget. Du kan endra det seinare i dialogvindauget for Lag.