12.6. Ullen kant

12.6.1. Oversyn

Figur 17.253. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Ullen kant»


Dette filteret lager ein ullen, ujamn kant rundt biletet. Du kan bestemme breidda og fargen på kanten, med eller utan skygge. Filteret legg kanten inn på biletet. Formatet vert såleis uendra.

12.6.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterDekorLegg til ullen kant

12.6.3. Innstillingar

Figur 17.254. Innstillingane for filteret «Ullen kant»

Innstillingane for filteret «Ullen kant»

Farge

Klikk i fargeruta for å få opp dialogvindauget for å velje farge på kanten.

Kantbreidde

Du kan lage kanten opptil 300 pikslar brei, uavhengig av biletstorleiken.

Slør kanten

Gjer at kanten vert uklar. Sjå eksemplet nedanfor.

Figur 17.255. Eksempel på verknaden av «slør kanten»

Eksempel på verknaden av «slør kanten»

Med sløring

Eksempel på verknaden av «slør kanten»

Utan sløring


Figur 17.256. «Slør kanten» forstørra til 1600%

«Slør kanten» forstørra til 1600%

Med sløring

«Slør kanten» forstørra til 1600%

Utan sløring


Korning

Korninga av kanten er omlag det same som storleiken på pikselblokkene som vert spreidde utover for å lage den ujamne, ulne kanten.

Figur 17.257. Eksempel på bruk av korning, utan sløring

Eksempel på bruk av korning, utan sløring

Korning 1, minimum

Eksempel på bruk av korning, utan sløring

Korning 4, normalinnstillinga

Eksempel på bruk av korning, utan sløring

Korning 16, maksimum


Legg til skygge

Gjer at det vert lagt til ein skygge inne i kanten.

Figur 17.258. Eksempel på bruk av «Legg til skygge»

Eksempel på bruk av «Legg til skygge»

Skygge er sett til 100 % (normalinnstilllinga)

Eksempel på bruk av «Legg til skygge»

Skygge er sett til 10 %

Eksempel på bruk av «Legg til skygge»

Skygge ikkje i bruk (normalinnstillinga)


Vekting av skygge

Dersom legg til skygge er i bruk, kan du bestemme kor mykje av biletet som skal synast gjennom skyggen. Normalinnstillinga er 100 % (full dekkevne). Ingenting er då synleg gjennom skyggen.

Arbeid på kopi

Dersom du har merka av for dette valet, vil filteret opprette eit nytt vindauge med filteret brukt på ein kopi av biletet. Originalbiletet vere uforandra.

Flat ut biletet

Filteret kreerer nye lag for å få til kanteffekten. Dersom det er kryssa av i denne ruta, vert laga fletta saman med biletet. Elles vert dei liggande i biletet for eventuell vidare bearbeiding. Normalinnstillinga er å flate ut biletet.