12.4. Kaffiflekkar

12.4.1. Oversyn

Figur 17.262. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «kaffiflekkar»


Dette filteret legg inn svært naturlege flekkar med kaffisøl i biletet. Du bestemmer sjølv kor mange flekkar, frå 1 til 10, som skal leggjast inn.

Kvar flekk får sitt biletlag som vert flytt tilfeldig rundt i biletet for å spreie flekkane. Når filteret har gjort seg ferdig, er det difor enkelt å flytte på flekkane, skalere dei eller redigere dei på andre måtar. Har du behov for fleire flekkar, er det berre å køyre filteret ein gong til.

12.4.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterDekorKaffiflekkar.

12.4.3. Innstillingar

Figur 17.263. Innstillingane for filteret «kaffiflekkar»

Innstillingane for filteret «kaffiflekkar»

Flekkar

Talet på flekkar (1-10).

Gjer berre mørkare

Sidan kvar flekk har sitt eige biletlag, må desse laga flettast saman ved bruk av lagmodus for å gjere flekkane synlege. Dersom det er kryssa av i denne ruta, vert laga sette til modus «gjer berre mørkare». Utan avkryssing vert modus sett til «normal». Valet du gjer her er ikkje så viktig, sidan du kan forandre modus seinare ved å gå inn i lagdialogen.

Lagmodus bestemmer korleis laga skal blandast saman. I normalmodus vil kvar piksel i kaffiflekken dekke over den tilsvarande pikselen i laget under. I modus «gjer berre mørkare» vil ein piksel i kaffiflekken vere synleg berre dersom denne er mørkare enn den underliggande pikselen.