Dette dialogvindauget viser ei liste over kva du har halde på med i det siste, i det minste på det gjeldande biletet. Dei forandringane du har gjort vert forsøkt viste med ein miniatyr. Du kan tilbakeføra biletet til eitkvart av punkta på lista berre ved å klikka på den ønskte visinga i dialogvindauget. Vil du vita meir om dette, kan du klikka deg inn på sida om å angra.
«Angreloggen» er eit dokkpanel som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogvindauge og dokkpanel».
Du har tilgang til det:
frå biletmenyen via → → .
frå fanemenyen i kva dokkpanel som helst ved å klikka på fana
og velja → .
Det mest nærliggande er å velja eit punkt i angreloggen ved å klikka på det. Du kan trygt klikka deg framover eller bakover i lista utan å vera redd for å miste informasjon om biletet eller å bruka opp ressursane. Som oftast går forandringane svært raskt.
|
Tips |
|---|---|
|
Tastekombinasjonen Ctrl + F opnar ei søkefil. Sjå Vis som liste/rutenett |
Knappane nedst i dialogvindauget:
Angra
Denne knappen gjer det same som når du vel → frå biletmenyen, eller trykkjer snartastane Ctrl+Z. Han opnar det førre biletet i angreloggen, altså det som ligg eitt hakk opp i dialogvindauget.
Gjenta
Denne knappen gjer det same som når du vel → frå biletmenyen, eller trykkjer tastekombinasjonen Ctrl + Y. Han opnar det neste biletet i angreloggen, altså det som ligg eitt hakk ned i dialogvindauget.
Tøm angreloggen
Denne knappen fjernar alt innhaldet i angreloggen, bortsett frå det gjeldande biletet. Dette er såpass drastisk at du får spørsmål om du verkeleg vil dette. Den einaste grunnen til å bruka denne knappen er dersom du er i ferd med å gå tom for ledig minne.
|
Notat |
|---|---|
|
I ei fane vert dette dialogvindauget symbolisert med symbolet |
|
Notat |
|---|---|
|
Du kan bestemma kor stort angrenivået skal vera i Systemresursar. |