4.12. Auk

Kommandoen Auk gjer utvalet større. Han verkar på nokolunde same måten som kommandoen Krymp, som gjer utvalet mindre.

4.12.1. Aktivering

Du får tilgang til dette menyvalet frå biletmenyen via UtvalAuk

4.12.2. Beskriving av dialogen «Auk utvalet»

Figur 16.35. Dialogvindauget for «Auk utvalet»

Dialogvindauget for «Auk utvalet»

Auk utvalet med

Her kan du skrive inn kor mykje utvalet skal aukast. Normalt vert dette målt i pikslar, men du kan endre måleeining ved hjelp av nedtrekksmenyen.

4.12.3. Ein raritet med det rektangulære utvalet

Når du aukar eit rektangulært utval får resultatet avrunda hjørne. Årsaka ser du nedanfor:

Figur 16.36. Eit rektangulært utval får avrunda hjørne

Eit rektangulært utval får avrunda hjørne

Dersom du ikkje ønskjer avrunda hjørne, kan du bruke kommandoen Avrunda hjørne med radius sett til 0 %.