4.13. Ramme

Figur 16.39. Å lage ei ramme frå eit utval

Å lage ei ramme frå eit utval

Eit bilete med eit utval

Å lage ei ramme frå eit utval

Ramme laga frå utvalet


Kommandoen Ramme lager eit nytt utval rundt det eksisterande utvalet med dette som mønster. Ramma vert liggjande med halvparten av breidda på innsida, og den andre halvparten på utsida av det eksisterande utvalet. Du kan skrive inn breidda på ramma i pikslar eller andre måleeiningar i dialogvindauget.

4.13.1. Aktivering

Du får tilgang til dette menyvalet frå biletmenyen via UtvalRamme …

Denne kommandoen er gråa ut som ikkje aktiv dersom det ikkje er noko utval.

For å bruka denne kommandoen må to vilkår vera oppfylte:

  • Biletet må ha ein alfakanal.

  • Det opphavlege biletet må vera laga med «kantutjamning» avkryssa for det utvalsverktøyet som er brukt.

4.13.2. Beskriving av dialogvindauget «Ramme»

Figur 16.40. Dialogvindauget «Ramme»

Dialogvindauget «Ramme»

Rammebreidde

Skriv inn breidda på ramma. Til vanleg vert denne oppgitt i pikslar, men du kan endre dette til andre måleeiningar ved hjelp av nedtrekkslista.

Kantstil
  • Hard: Dette valet har ikkje kantutjamning. Dette kan vera nyttig i nokre tilfelle.

  • Mjuk: Dette valet lagar ikkje kantutjamning, difor må kantutjamning vera slått på når utvalet vert laga. Dette valet er det beste.

  • Mjuk kant: Dette valet gjer det same som «Hard», men i staden for å gjera kanten fullt utvald tonar det ned utveljinga utover. Resultatet er ikkje mykje å skryte av dersom du ønskjer ein mjuk kant, då er det betre å bruka ei av dei andre innstillinga og lage mjuk kant etterpå. Valet er her av historiske årsaker.

Figur 16.41. Samanlikning mellom rammestilane

Samanlikning mellom rammestilane

«Hard» forstørra 800 % i utvalshandsamaren

Samanlikning mellom rammestilane

«Mjuk» forstørra 800 % i utvalshandsamaren

Samanlikning mellom rammestilane

«Mjuke kantar» forstørra 800 % i utvalshandsamaren


Merkte område held fram utføre biletet

Dette valet heitte tidlegare «Lås utvalet til biletkantane». Funksjonen er uendra.

Med dette valet aktivert, vert det ikkje gjort endringar på den kanten av utvalet, oftast eit rektangel, som fluktar med biletkanten. Det vert ikkje laga eit nytt utval langs denne kanten.

Figur 16.42. Vald ramme langs biletkanten med og utan «Merkte område held fram utføre biletet»

Vald ramme langs biletkanten med og utan «Merkte område held fram utføre biletet»

I midten ramme utan låsing, til høgre med låsing

Vald ramme langs biletkanten med og utan «Merkte område held fram utføre biletet»

Same utvalet fylt med raudt