4.16. Avrunda rektangel

Figur 16.47. Eksempel på bruk av «Avrunda rektangel» på eit utval

Eksempel på bruk av «Avrunda rektangel» på eit utval

Eit bilete med eit utval

Eksempel på bruk av «Avrunda rektangel» på eit utval

Etter bruk av «Avrunda rektangel»


Dette valet, som eigentleg er eit Script-Fu-skript, omformar eit eksisterande utval, anten det er rektangulært, elliptisk eller noko anna, til eit rektangelutval med avrunda hjørne. Hjørna kan verta bøygde innover (konkav) eller utover (konveks). For å få dette til, vert utvalet om nødvendig først omforma til eit rektangel og deretter vert det lagt til eller trekt ifrå sirklar i kvart hjørne.

4.16.1. Aktivering

Du får tilgang til denne kommandoen frå menylinja i biletvindauget via UtvalAvrunda rektangel…-

4.16.2. Forklaring til dialogvindauget for «avrunda rektangel»

Figur 16.48. Dialogvindauget for «avrunda rektangel»

Dialogvindauget for «avrunda rektangel»

Radius (%)

Du kan skriva inn radius til det avrunda hjørnet i prosent, anten ved å skriva direkte i tekstboksen eller bruka glidebrytaren. Verdien er i prosent av den som er minst av høgda eller breidda.

Konkav

Aktiver denne boksen dersom du ønskjer konkave, altså innoverbøygde, hjørne. Elles vert hjørna utoverbøygde, dvs. konvekse.