4.11. Krymp

Kommandoen Krymp gjer utvalet mindre ved å flytte kvart punkt på ramma bort frå næraste rammekant, mot midten av biletet. Flyttelengda vert bestemt i dialogvindauget. Eventuelle mjuke kantar vert bevarte, men kan verta noko forandra ved hjørne og skarpe kurver.

4.11.1. Aktivering

Du får tilgang til denne kommandoen frå menylinja i biletvindauget via UtvalKrymp….

4.11.2. Dialogvindauget «krymp»

Figur 16.36. Beskriving av dialogvindauget «krymp»

Beskriving av dialogvindauget «krymp»

Krymp utvalet

Her kan du skriva inn kor mykje utvalet skal reduserast. Normalt vert dette målt i pikslar, men du kan endre måleeining ved hjelp av nedtrekksmenyen.

Merkte område held fram utføre biletet

Var «Krymp frå biletkanten». Handlinga er ikkje endra. Denne innstillinga kjem berre til nytte når utvalet ligg heilt ute i biletkanten. Dersom denne kommandoen er lått på, vil krympinga føra utvalet bort frå biletkanten. I motsett fall vert utvalet verande i biletkanten. Sjå Merkte område held fram utføre biletet.