7.50. Sett laggrensene

I GIMP treng eit lag ikkje ha same storleiken som dei andre laga. Denne kommandoen endrar storleiken på laget men skalerer ikkje innhaldet.

7.50.1. Aktivering

Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagSett laggrensene

7.50.2. Beskriving av dialogen «Sett laggrensene»

Figur 16.134. Dialogen «Storleik på laggrense»

Dialogen «Storleik på laggrense»

Lagstorleik
Breidde og høgde

Når dialogvindauget vert opna, finn du dimensjonane for laget i desse boksane. Du kan skriva inn nye verdiar etter behov. Dersom boksane er lenkja saman, dvs. at lenkjesymbolet er ubrote, vert forholdet mellom breidde og høgde det same som før. Dersom du bryt lenkja ved å klikka på symbolet, kan du skriva individuelle verdiar i dei to boksane.

Dersom du ønskjer ei anna måleeining enn pikslar, bruker du nedtrekksmenyen.

X- og Y-forskyving

Desse koordinata er relative til laget, ikkje til biletet. Dei vert brukte for å flytte ei ramme som bestemmer kva del av laginnhaldet som skal merkast for å endra storleiken. I eksempelet har laget og innhaldet den same storleiken og du har difor sjølvsagt inge ramme å flytte på. Dersom du reduserer Breidd og Høgd , vert ramma for laget som er endra vist i førehandsvisinga.

Under koordinata er det ei førehandsvising av laget med ramma for laget som har endra storleik. Du kan flytte denne ramma ved og bruke x- og y-forskyvinga eller ved å dra den korsforma peikaren som kjem fram når musepeikaren er over lagområdet.

Sentreringsknappen

Med denne knappen kan du plasere ramma i sentrum av laget.

7.50.3. Endra lagstorleik

Gjere eit lag større

Du kan ikkje gjere eit lag større enn biletet.

Dersom laget er mindre enn biletet, kan du gjere Breidd og/eller Høgd større. Det er eigentleg ikkje nokon gode grunnar for å gjere dette, unntatt dersom du vil setje laget til same storleik som biletet, men då kan du enklare bruke Laget til biletstorleiken.

Gjere eit lag mindre

Du kan gjere laget mindre for å fjerne uønskte delar.

Figur 16.135. Eksempel

Eksempel

Originalbilete med to lag

Eksempel

Dei to laga


Figur 16.136. Eksempel

Eksempel

Laget som skal få ny storleik er merkt

Eksempel

Ramma viser den nye lagstorleiken. Ho er plassert i midten av laget med knappen Sentrer.


Figur 16.137. Resultat

Resultat

Dersom biletet berre har eitt lag, er det betre å bruke beskjeringsverktøyet.