7.50. Forskyving

Kommandoen Forskyving flyttar innhaldet i det gjeldande laget. Alt som vert flytt utanfor laggrensene vert klipt bort. Kommandoen har eit dialogvindauge der du kan bestemma kor langt laginnhaldet skal flyttast og kva det ledige rommet etter flyttinga skal fyllast med. Det kan brukast for å laga mønster som kan flisleggjast.

7.50.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via LagTransformerForskyv,

  • eller med tastesnarvegen Shift+Ctrl+O.

7.50.2. Innstillingane for «Forskyving»

Figur 16.134. Dialogen «Forskyving»

Dialogen «Forskyving»

Forval, Førehandsvising, Delt vising

Desse innstillingane er felles for GEGL-baserte dialogvindauge. Sjå Del 2, «Felles eigenskapar».

Forskyving
X, Y

Du skriv verdiar i tekstboksane for kor langt laginnhaldet skal flyttast horisontalt (X) og vertikalt (Y). Positive verdiar gjer at innhaldet vert flytt mot høgre og nedover, negative verdiar mot venstre og oppover. Den vanlege måleeininga er pikslar, men dette kan du forandre etter behov med nedtrekksmenyen. I mange tilfelle vil eininga prosent vere nyttig.

Sidan GIMP-2.10.12 kan du klikka og dra på lerretet for å flytta laget.

Forskyv med x/2, y/2

Dette merkelege namnet betyr at dersom du trykkjer på denne knappen, vert X og Y sett til nøyaktig halve lagbreidda og halve laghøgda.

Utfylling

Du kan velje mellom tre ulike måtar for å fylle det ledige rommet som oppstår etter flyttinga:

  • Bryt rundt: Den ledige plassen på ei av sidene vert fylt opp med den delen av laget som hamnar utanfor lagkanten. Dermed forsvinn ingenting av laget.

  • Fyll med bakgrunnsfarge: Den ledige plassen vert fylt opp med den bakgrunnsfargen som er aktiv i verktøykassa.

  • Gjer gjennomsiktig: Den ledige plassen vert gjort gjennomsiktig. Dersom laget ikkje har alfakanal, er denne kommandoen ikkje aktivert.

7.50.3. Eksempel

Figur 16.135. Å bruke kommandoen «forskyv» saman med ulike utfyllingar

Å bruke kommandoen «forskyv» saman med ulike utfyllingar

Original

Å bruke kommandoen «forskyv» saman med ulike utfyllingar

Y = -40, bryt

Å bruke kommandoen «forskyv» saman med ulike utfyllingar

Y = -40, bg-farge

Å bruke kommandoen «forskyv» saman med ulike utfyllingar

X = 40, gjennomsikt


Figur 16.136. Mønster som kan gjentakast

Mønster som kan gjentakast

Original

Mønster som kan gjentakast

«Bryt rundt». Trykk på «Forskyv x/2, y/2»

Mønster som kan gjentakast

Skaler ned ei mønster laga med gjentekne kopier/lim inn