7.35. Fjern alfakanal

Denne kommandoen fjernar alfakanalen frå det aktive laget utan å endra alfakanalen for dei andre laga i biletet.

Dersom det gjeldande laget er bakgrunnslaget og du ikkje har lagt til ein alfakanal, er kommandoen gråa ut som ikkje aktiv. Lagnamnet vil også vere utheva for å visa at laget manglar alfakanal.

Dersom det aktive laget ikkje er bakgrunnslaget, vert gjennomsikta erstatta med den aktive bakgrunnsfargen i verktøykassa.

7.35.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via LagGjennomsiktFjern alfakanal.

  • I tillegg har du tilgang frå lagdialogen ved å velje Fjern alfakanalen på lokalmenyen som kjem fram når du høgreklikkar.