Kapittel 5. Få bilete inn i GIMP

Innhald

1. Bilettypar
2. Å lage nye filer
3. Å opna filer
3.1. Opna frå menylinja
3.2. Opna frå ei nettadresse
3.3. Opna tidlegare brukte filer
3.4. Å bruke programtillegg
3.5. Filhandteraren
3.6. Dra og slepp
3.7. Kopier og Lim inn
3.8. Biletutforskaren

Dette kapitlet handlar om dei ulike måtane du kan bruke for å legge bilete inn i GIMP. Korleis du kan lage nye bilete, korleis du kan laste inn bilete frå biletfiler og korleis skanne og lage skjermdump.

I første omgang vil vi likevel sjå litt på den generelle biletoppbygginga i GIMP.

1. Bilettypar

It is tempting to think of an image as something that corresponds with a single display window, or to a single file such as a JPEG file. In reality, however, a GIMP image is a complicated structure, containing a stack of layers plus several other types of objects: a selection mask, a set of channels, a set of paths, an "undo" history, etc. In this section we take a detailed look at the components of a GIMP image, and the things that you can do with them.

Grunneigenskapen i eit bilete er fargemodus. Det er tre moglege modus: RGB, gråskala og indeksert. RGB står for Raud-Grøn-Blå (OK, eigentleg engelsk: Red-Green-Blue, men for ei gongs skuld passar forkortinga også med norsk). I RGB-modus er kvart biletpunkt sett saman av eit «raudnivå», eit «grønnivå» og eit «blånivå». Fordi alle dei synlege fargane kan lagast som ein kombinasjon av raudt, grønt og blått, vil eit RGB-bilete kunne visast i fullfarge. Kvar av fargekanalane R, G og B, har 256 ulike styrkegrader. Du kan finne meir om dette under Fargemodus i ordlista.

I eit gråskalabilete er kvart biletpunkt representert med eit tal som viser lysverdien dette punktet har. Lysverdien går frå 0 (svart) til 255 (kvit). Verdiane mellom desse ytterpunkta gir ulike gråtoner.

Figur 5.1. Komponentar i RGB- og CMY-fargemodus

Komponentar i RGB- og CMY-fargemodus

I RGB-modus gir dei tre grunnfargane raud, grøn og blå til saman kvit farge. Det er slik kvit vert laga på biletskjermen.

Komponentar i RGB- og CMY-fargemodus

I CMY(K)-modus gir grunnfargane cyan, magenta og gul til saman svart. Det er slik fargetrykka vert laga på kvitt papir. Som oftast vert trykka justerte med rein svart i tillegg til dei tre fargane.


Den viktigaste skilnaden mellom eit gråskalabilete og eit RGB-bilete er talet på «fargekanalar». Gråskalabiletet har éin slik kanal, medan RGB-biletet har tre. Eit RGB-bilete kan sjåast på som eit bilete sett saman av tre gråskalabilete der den eine gråskalakanalen er farga raud, den andre grøn og den tredje blå.

Både fargebilete og gråskalabilete har som oftast ein kanal til, den såkalla alfakanalen. Denne kanalen styrer kor gjennomsiktige fargepunkta skal vere. Når alfakanalen er sett til null, er laget heilt transparent, dvs. fullstendig gjennomsiktig. Fargen du ser vert bestemt av fargen på laget under. Er alfa sett til maksimum (255), betyr det at laget er lystett, dvs. opakt, altså fullstendig ugjennomsiktig. Fargen vert bestemt av det aktuelle laget. Alfaverdiar mellom desse ytterpunkta gir ulike grader av gjennomsikt. Den synlege fargen vert ei blanding av fargen på aktuelt lag og fargen på laget eller laga under. Kanskje litt vanskeleg å førestilla seg gjennomsiktige fargar på denne måten, men det er det same du opererer med når du laserer eller driv med ulike former for beis.

Figur 5.2. Eksempel på bilete i RGB-modus og som gråskala

Eksempel på bilete i RGB-modus og som gråskala

Eit fargebilete i RGB med tilhøyrande kanalar for raud, grøn og blå.

Eksempel på bilete i RGB-modus og som gråskala

Eit gråskalabilete med tilhøyrande kanal for lysverdiar


In GIMP, in every color channel, including the alpha channel, possible values have a range depending on the image precision: 0 to 255 for a color depth of 8 bits. GIMP can now load 16 and 32 bits images, and this range can be much larger.

Figur 5.3. Eksempel på eit bilete med alfakanal

Eksempel på eit bilete med alfakanal

Raudkanal

Eksempel på eit bilete med alfakanal

Grønkanal

Eksempel på eit bilete med alfakanal

Blåkanal

Eksempel på eit bilete med alfakanal

Alfakanalen viser gjennomsiktige biletområde.

Eksempel på eit bilete med alfakanal

Eit fargebilete i RGB-modus med alfakanal.


The third type, indexed images, is a bit more complicated to understand. In an indexed image, only a limited set of discrete colors are used, usually 256 or less (so, this indexed mode can be applied only to images with 8 bits precision). These colors form the «colormap» of the image, and each point in the image is assigned a color from the colormap. Indexed images have the advantage that they can be represented inside a computer in a way which consumes relatively little memory, and back in the dark ages (say, ten years ago), they were very commonly used. As time goes on, they are used less and less, but they are still important enough to be worth supporting in GIMP. (Also, there are a few important kinds of image manipulation that are easier to implement with indexed images than with continuous-color RGB images.)

Ein del av dei vanlege biletfilformata (inkludert GIF) vert opna som indekserte bilete i GIMP. Sidan mange av verktøya i GIMP ikkje kan brukast, eller har avgrensa bruk, på indekserte bilete, vil det i mange tilfelle vere ein god ide å endra biletet til RGB-modus før du byrjar å arbeida med det. Er det nødvendig, kan du heller omforma det til indeksert modus igjen før du lagrar det.

I GIMP er det lett å omforma eit bilete frå ein fargemodus til ein annan med kommandoen Modus i biletmenyen. Hugs at du kan risikera å miste informasjon for alltid ved slike omformingar. Dette gjeld t.d. om du konverterer frå RGB til gråskala eller indeksert. Det hjelper i dette tilfellet ikkje så mykje å endre tilbake til RGB igjen. Fargeinformasjonen er og vert borte.

[Notat] Notat

Er filteret du ønskjer å bruke markert som utilgjengeleg på menyen, kjem dette oftast av at biletet, eller meir nøyaktig: laget du arbeider på, er av feil type. Mange filter verker ikkje på indekserte bilete. Andre kan berre nyttast på RGB-bilete eller berre på gråskalabilete. Nokre krev også at alfakanalen er i bruk, eller at han ikkje er i bruk. Skulle du oppleve noko av dette, skift til ein annan modus. Som oftast vil dette seie RGB-modus.