3. Snarmaske

Figur 7.9. Bilete med aktiv «snarmaske»

Bilete med aktiv «snarmaske»

Utvalssverktøya vil lage eit omriss rundt det aktuelle området. Dersom utvala er kompliserte, kan det hende løysinga ikkje er heilt tilfredsstillande. I slike tilfelle kan det vere betre å bruke snarmaske for å teikne eit utval i staden for berre å spore omrisset.

3.1. Oversyn

Når du lager eit utval i GIMP, vert dette til vanleg vist med «marsjerande maur» rundt kanten. I røynda kan det vere mykje meir i utvalet enn det desse «maura» viser deg. Dette fordi eit utval i GIMP eigentleg er ein fullverdig gråskalakanal som dekker biletet med verdiar frå 0 (ikkje synleg) til 255 (full dekking). Dei marsjerande maura vert teikna langs ein kant der det er 50 % dekning. Tilsynelatande viser prikkelinja kva som er innføre eller utføre utvalet, men er altså eigentleg eit slag gjennomsnitt i ein overgang.

Snarmaska er GIMP sin måte å vise heile strukturen i utvalet på. Når snarmaska er aktiv, kan du også arbeide med utvalet på nye, og vesentleg kraftigare måtar. For å aktivere snarmaska, klikkar du på den vesle knappen i nedre, venstre hjørnet på biletvindauget. Klikkar du ein gong til, vert snarmaska slått av, og maura dukkar opp att. Du kan også aktivere snarmaske frå menyen i biletvindauget ved å klikka på UtvalSnarmaske av/på, eller ved å bruke snarvegen Shift + Q.

Du kan sjå på snarmaska som eit delvis gjennomsiktig lag lagt over biletet. Gjennomsikten til kvart av biletpunkta på maska syner kor mykje kvart punkt er utvald (markert). Dess mindre eit punkt er utvald, dess meir vert det påverka av maska. Fullt markerte pikslar er fullstendig klare. I utgangspunktet er maska raudfarga, men dette kan du endra dersom ein annan farge høver betre.

Når du er i snarmaskemodus, vert mange av endringane du gjer berre utførte i utvalskanalen, og ikkje på heile biletet. Dette gjeld spesielt for dei ulike teiknereiskapa. Teiknar du med kvitfarge, vert dei kvite biletpunkta utvalde. Bruker du svart farge, vert dei teikna punkta umarkerte. Du kan bruke alle teiknereiskapa til dette, også verktøya for fyll og fargeovergangar. Som oftast vil det å arbeide på utval vere den lettaste, mest effektive og kanskje også den mest elegante måten å manipulera biletet på.

[Tips] Tips

For å lagra dei utvala som er gjort med snarmaska til ein kanal, må du forvisse deg om at det finst eit utval og at snarmaska ikkje er aktiv i biletvindauget. Bruk UtvalLagre til kanal. Dette vil opprette ein ny kanal i kanaldialogen med namnet «Kopi av utvalsmaske». Gjer du dette fleire gonger, vil dei neste kanalane få namna «Kopi av utvalsmaske 1», «Kopi av utvalsmaske 2» osv.

[Tips] Tips

Når snarmaska er aktivert, verkar kommandoane klipp og lim berre på utvalet og ikkje på heile biletet. I mange tilfelle kan du gjere deg nytte av dette når du skal overføra eit utval frå eitt bilete til eit anna.

Du kan lære meir om kanalmasker i kapitlet om kanaldialogane.