Dette dialogvindauget vert brukt for å velja skrifttypar for bruk med tekstverktøyet. I tillegg kan du oppdatera lista over tilgjengelege skrifttypar dersom du legg til nye medan GIMP er i bruk.
Vindauget «Skrifttypar» er eit dokkpanel som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogvindauge og dokkpanel».
Du har tilgang til det:
frå ein biletmeny via → → ,
frå fanemenyen i kva dokkpanel som helst ved å klikka på fana 
 og velja  → ,
eller frå innstillingane for tekstverktøyet ved å klikka på knappen «Skrifttype». Det kjem då opp ein skrifttypeveljar. Trykker du på knappen i nedre, venstre hjørne av denne, får du opp menyen for skrifttypar.
Dersom minst eitt dialogvindauge er ope, kan du i menyen finna ei liste over løyste vindauge. Du kan i tilfelle lyfta dialogvindauget for skrifttypar frå biletmenyen med → .
Det er vel inga overrasking at den vanlegaste bruken av dette dialogvindauget er å velja skrifttype for tekstverktøyet. Dette gjer du ganske enkelt ved å klikka på den ønskte skrifttypen. Dersom du held nede museknappen ei lita stund medan du held musepeikaren over eksempelet på skrifttypen («Aa»), vil det dukka opp ei setning som inneheld alle bokstavane i alfabetet. («Høvdingens kjære squaw får litt pizza i Mexico by»).
Figur 15.68. Dialogvindauget for skrifttypar
                    Dialogvindauget på tabellform
                    Dialogvindauget på listeform
                       
                     | 
                    Tips | 
|---|---|
| 
                       Tastekombinasjonen Ctrl + F opnar ei søkefil. Sjå Vis som liste/rutenett  | 
                  
Du kan velja utsjånad på dialogvindauget ved å gå inn på fanemenyen og velja mellom og . I tabellform vert alle tilgjengelege skrifttypar viste med «Aa». I listeform vert det i tillegg vist namnet på skrifttypen.
          
          Oppdater skrifttypane
        
            Trykk på denne knappen for å lasta inn skrifttypane på nytt og gjera dei tilgjengelege for tekstverktøyet. Dette kjem helst til nytte dersom du legg inn nye skrifttypar medan GIMP er i bruk. Det er også råd å oppdatera lista med skrifttypar ved å høgreklikka i dialogvindauget og velja «Last skrifttypane på nytt» frå menyen som dukkar opp. Det er faktisk det einaste valet i denne menyen.
                       
                     | 
                    Tips | 
|---|---|
| 
                       Du kan endra storleiken på førehandsvisinga av skrifttypane i dialogvindauget ved hjelp av undermenyen «storleik på førehandsvisinga» i fanemenyen.  |