13.6. Litle planet

13.6.1. Oversyn

Dette filteret omformar eit panorame til ein planet. Passar ikkje for alle bilete. Det ideelle biletet er eit 360° × 180° bilete, også kjent som eit ekvirektangulært bilete, Vi vil sjå at det er råd å bruka vanlege bilete også.

13.6.2. Aktivering

Du finn dette filteret i menyen på biletvindauget under FilterKartLitle planet….

13.6.3. Innstillingar

Figur 17.301. Innstillingane for filteret «Litle planet»

Innstillingane for filteret «Litle planet»

Innstillingar

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Panorer

Vassrett kamerapanorering. Viss alternativet «Invertert transformering» er merkt av, flyttar alternativet «pan» siktlinja vassrett, elles verkar det som «Spinn»-alternativ.

Tilting

Loddrett kamerapanorering. Flyttar siktelinja oppover eller nedover.

Spinn

Spinnvinkel rundt kameraaksen. Roterer planeten rundt siktlinja.

Forstørr

Forstørringsnivå. Forsatørr eller forminsk planeten.

Invers transformering

Gjer den inverse kartlegginga; nyttig for å justera senit, nadir eller andre delar av panoramaet.

Metode for å ta prøver på nytt

Interpoleringsmetodane er forklarte i Interpolering

«Kubisk» kan gje betre resultat.

13.6.4. Bruka filteret «Litle planet» på eit ekvirektangulært bilete

Ettling_Isar_panorama.jpg av © Simon Waldherr under CC by-sa 4.0

GIMP opna dette originalbiletet på 16 000 × 8 000 pikslar i ei ramme på 1000 × 500 pikslar med ei forstørring på 6,25. Dette er eit skjermbilete skalert til 600 × 300 pikslar. Legg merkje til den tomme himmelen, den perfekt vassrette horisonten og det forsvinnande perspektivet.

Filteret brukt

13.6.5. Bruka filteret «Litle planet» på eit normalt bilete

Panoramaet ditt tilfredsstiller sjeldan vilkåra som er nødvendige for dette filteret, spesielt viss du klippar det ut av eit større bilete. «Litle planet»-filteret fører venstre og høgre biletsider saman og skapar ei uønskt skarp grense viss sidene er ulike. Ein ujamn horisont gjev ein uregelmessig sirkel. Ein blå, tom himmel som tek opp den øvre halvdelen av biletet og ein vassrett horisont er perfekte. Til vanleg må du forbetra panoramaet før du brukar filter.

Figur 17.302. Originalbiletet

Originalbiletet

Original panorama

Originalbiletet

Filteret brukt direkte med standardinnstillingane


  1. Reins himmelen: med fargeveljar, mørkare blå til verktøykasseforgrunn og lysare blå til verktøykassebakgrunn. Det rektangulære utvalet av himmelen inkludert ein liten del av horisonten. I utvalet teiknar du ein fargeovergang fra topp til botn.

  2. Vel den venstre biletkanten.

  3. Kopier utvalet og lim det inn som nytt lag.

  4. Q snarveg for å opna justeringsverktøyet.

  5. Klikk på nytt lag (overlagra på utvalsområdet): nye laggrenser vert viste. Juster nytt lag til høgre side av biletet.

  6. Vel>Ingen.

  7. Spegelvend det nye laget vassrett.

    Nytt lag justert til høgresida i biletet og spegelvent: venstre og høgre side i biletet er nå like. Himmelen er viska ut og horisonten er nå vassrett.

  8. Legg ei svart lagmaske til det nye laget.

  9. Legg til ein svart-til-kvit fargeovergang til lagmaska.

  10. Bruk filteret «Litle planet».

Figur 17.303. Resultat

Resultat

Klargjort bilete

Resultat

Filteret brukt