13.5. Illusjon

13.5.1. Oversyn

Figur 17.298. Illusjon

Illusjon

Originalbiletet

Illusjon

Filteret «Illusjon» brukt


Dette filteret omformar det aktive laget eller det aktive utvalet slik at det ser ut som eit kaleidoskop. Dette vert gjort ved at kopiar av biletet vert meir eller mindre dimma og oppdelte, og deretter spreidde rundt sentrum av biletet.

13.5.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret via FilterKartIllusjon….

13.5.3. Innstillingar

Figur 17.299. Innstillingane for filteret «Illusjon»

Innstillingane for filteret «Illusjon»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Deling

Her bestemmer du kor mange kopiar som skal brukast i biletet, frå -32 til 64. Negative verdiar gjer at kaleidoskpopet vert rotert motsett veg.

Illusjontype

Dette er to måtar å tilordna kopiane til biletet:

Figur 17.300. Frå venstre: Originalbiletet, Type 1, Type 2, med deling = 4

Frå venstre: Originalbiletet, Type 1, Type 2, med deling = 4
Frå venstre: Originalbiletet, Type 1, Type 2, med deling = 4
Frå venstre: Originalbiletet, Type 1, Type 2, med deling = 4