13.7. Panoramaprojeksjon

13.7.1. Oversyn

Dette filteret konverterer eit 360° × 180° bilete, også kjent som ekvirektangulært bilete, til eit panorama.

13.7.2. Aktivering

Du finn dette filteret i menyen på biletvindauget under Filter → Kart → Panorameprojeksjon….

13.7.3. Innstillingar

Figur 17.304. Innstillingane for filteret «Panoramaprojeksjon»

Innstillingane for filteret «Panoramaprojeksjon»

Desse innstillingane er dei same som innstillingane for Del 13.6, «Litle planet».

13.7.4. Tastemodifikatorar

Klikk og dra for å panorera.

Shift + Klikk og dra for å rotera.

Ctrl + Klikk og dra for å panorera med ein avgrensa akse.

Alt + Klikk og dra for å forstørra eller forminska.

13.7.5. Bruka filteret «Panorameprojeksjon»

Sjølvsagt kan du berre få ein del av originalbiletet i panoreringa. Det første du må gjera er å laga eit nytt bilete med storleiken til det framtidige biletet og så opna originalbiletet.

Parc_de_Belleville,_Paris_June_2007.jpg by Alexandre Duret-Lutz under CC by-sa 4.0

GIMP opna dette origiinalbiletet på 4000 × 2000 pikslar i ei 1000 × 500 pikslars ramme med ei forstørring på 12.5. Dette er eit skjermbilete skalert til 400 × 200 pikslar.

Opna panoramavisingsfilteret. Berre midtdelen av biletet er synleg. Panorer rundt i biletet for å finna panoramaet du vil bruka ved hjelp av «Pan» eller ved å klikka og dra. Du kan forstørra visinga.

Figur 17.305. Filteret «Panoramaprojeksjon» brukt

Filteret «Panoramaprojeksjon» brukt

Panorer = 0,00

Filteret «Panoramaprojeksjon» brukt

Panorer = 66,00