8.12. Inverter

Kommandoen Inverter bytter om på fargeverdiane og lysverdiane for kvar piksel i det aktive laget. Laget vert omforma til eit negativ, for dei som kjenner dette uttrykket betre. Mørke område vert tilsvarande lyse, og fargane vert bytt til komplimentærfargen. Du kan finne meir om fargane i ordlista under fargemodus.

[Notat] Notat

Denne kommandoen verkar berre på bilete i RGB- og gråskalaformat. Dersom biletet er indeksert, er kommandoen ikkje aktivert.

[Åtvaring] Åtvaring

Ikkje bland denne kommandoen saman med kommandoen Inverter utvalet.

8.12.1. Aktivering

Du har tilgang til denne kommandoen på biletmenyen via FargarInverter

8.12.2. Eksempel

Figur 16.163. Bruk av kommandoen «Inverter»

Bruk av kommandoen «Inverter»

Originalbiletet

Bruk av kommandoen «Inverter»

Med inverterte fargar