3.13. Buffer

Figur 16.20. Undermenyen «Buffer» i menyen «Rediger»

Undermenyen «Buffer» i menyen «Rediger»

Kommandoane i denne undermenyen arbeider på namngjevne bufferar. Du kan bruka bufferdialogvindauget for å visa og handsama dei bufferane du har laga og gjeve namn.

3.13.1. Aktivering

Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via RedigerBuffer.

3.13.2. Vala i undermenyen

Klipp ut namngjevne…

Kommandoen Klipp ut namngjeve klipper ut det valde området på vanleg måte, men i staden for å lagra utklippet på den generelle utklippstavla, vert det lagra i ein spesiell buffer som du kan namngje i dialogvindauget som dukkar opp.

Kopier namngjeve…

Kommandoen Kopier namngjeve kopierer det valde området på vanleg måte, men i staden for å lagra kopien på den generelle utklippstavla, vert han lagra i ein spesiell buffer som du kan namngje i dialogvindauget som dukkar opp.

Kopier synlege namngjeve …

Kommandoen Kopier synlege namngjeve kopierer innhaldet i frå alle dei synleg laga i det valde området på vanleg måte, men i staden for å lagra kopien på den generelle utklippstavla, vert han lagra i ein spesiell buffer som du kan gje namn i dialogvindauget som dukkar opp.

Lim inn namngjevne…

Kommandoen Lim inn namngjeve opnar bufferdialogvindauget. Ved å velja éin av bufferane i lista og trykkja éin av knappane, har du fleire måtar å lima inn ein buffer i det gjeldande biletet eller som eit nytt bilete.