Tillegg C. Korleis bidra

Innhald

1. Føresetnadar
1.1. Bli med i samtalane
1.2. Lag ein lokal arbeidskopi av koden
1.3. Installera sandkassa di
1.4. Mappa gimp-help
2. Arbeidsgangen
2.1. Skriving
2.2. Validering
2.3. Bilete
2.4. Laga HTML-filer
2.5. Senda inn filene
3. Tillegg
4. Arbeida i Windows

Velkommen til GIMP-hjelpteam!

Denne innføringa er meint for dei som vil skriva dokumentasjon. Viss du ønskjer å omsetja dokumentasjonen eller brukargrensesnittet, gå til 'https://l10n.gnome.org/teams/xx' der 'xx' er språkkoden din: ISO 639-1 språkkoder kan finnes på http://www.loc.gov/standards/iso639-2/php/code_list.php. (For nynorsk er han nn og for bokmål nb).

1. Føresetnadar

1.1. Bli med i samtalane

Du kan delta i Gnome's Discourse server og abonnera på gimp og dokumentasjon taggane. Kom gjerne med spørsmål. Viss du gjer det, hugs å setja dei relevante taggane, elles er det ikkje sikkert vi ser innlegget ditt. Alt er på engelsk.

1.2. Lag ein lokal arbeidskopi av koden

GIMP sine hjelpesider er lagra i eit sentralt arkiv på https://gitlab.gnome.org/GNOME/gimp-help. Å laga ein lokal arbeidskopi av dette depotet sikrar at alle kan jobba på eige hand utan å blanda seg inn i bidrag fra andre bidragsytarar.

Som nybyrjar vil du få tilgang til git-depotet anonymt (utan konto). Opna ein terminal og skriv inn: git clone https://gitlab.gnome.org/GNOME/gimp-help.git .

Viss du har ein GNOME-konto er kommandoen git clone git@gitlab.gnome.org:GNOME/gimp-help.git .

Dette vil oppretta ei «gimp-help»-mappe i den gjeldande katalogen. Ver tålmodig, dette er ei stor nedlasting, omkring 700 MB.

1.3. Installera sandkassa di

Når du har lasta ned din lokale kopi, køyr: cd gimp-help og deretter ./autogen.sh --without-gimp ALL_LINGUAS='en xx'. (Byt ut xx med nn for nynorsk og nb for bokmåål).

Når du køyrer ./autogen.sh, kan det hende du ser nokre pakker som ikkje vart funne, for eksempel «checking for dblatex... no». Dei fleste av desse er relatert til PDF-filer, og du må installera dei før du køyrer ./autogen.sh igjen viss du vil laga PDF-filer.

1.4. Mappa gimp-help

GIMP-brukarhandboka vert vedlikehalde i xml-filene i «src»-mappa. Det er desse filene du vil arbeida med.