2. Rapportering av feil

Du har altså gjort alt for å forsikra deg om at feilen truleg er ein verkeleg feil. Det neste steget vert då å sende feilmeldinga.

[Notat] Notat

Første gongen du sender ein feilrapport, vert du beden om å fylle ut ein Bugzillakonto. Dette er nokså rett fram og du får ikkje nokon søppelpost av den grunn.

  1. Bugzilla: Select Classification

    Gå inn på ttp://bugzilla.gnome.org/enter_bug.cgi"/> og vel «Other».

    Dersom du ikkje er innlogga, vert du automatisk sett over til innloggingssida. Når du har skrive inn brukarnamnet og passordet ditt, vert du automatisk sett over til sida «Select Classification» igjen.

  2. Bugzilla: Pick Product

    Rull nedover den neste sida til du kan velja «GIMP».

    [Tips] Tips

    Du kan hoppa over steg og gå direkte til http://bugzilla.gnome.org/enter_bug.cgi?product=GIMP. (Du må sjølvsagt vera innlogga).

  3. Bugzilla: Enter Bug: GIMP

    Du skulle nå hamne på skjemaet for innsending av feilrapporten. Det meste av informasjonen du skriv inn kan endrast av utviklarane, så prøv å få det rettast mogleg utan å vere alt for redd for å gjere tabbar. (Kan kanskje vere ei lita trøyst i å vite at dei fleste som kjem til å lese det du skriv, ikkje har engelsk som morsmål).

    Enter Bug (Skriv inn feil): GIMP

    Component (Komponent)

    Skriv kva del av GIMP som vert påverka av feilen. Legg merke til at du får ein kort «Component Description» i ruta ved sida av lista når du vel ein komponent.

    Er du ikkje sikker, prøv med eit forslag og ikkje bry deg meir om det.

    Version (Versjon)

    Skriv kva versjon av GIMP du brukar. Dette finn du i HjelpOm.

    Severity (Viktig)

    I dei fleste tilfella merkar du av for «Normal» eller «Enhancement». Skulle du bomma her, vil utviklarane forandre dette dersom dei meiner det er viktig.

    Operating System (Operativsystem)

    Skriv inn kva for operativsystem du brukar. Du kan la denne vere tom dersom du er heilt sikker på at feilen er uavhengig av operativsystemet.

    Summary (Samandrag)

    Skriv ei linje som forklarer feilmeldinga på ein slik måte at andre lett kan finne fram til kva feilmeldinga di går ut på.

    Desceiption (Beskriving)

    Følj instruksjonane og beskriv problemet. Ver så nøyaktig du kan og ta med alt du meiner er nødvendig. Den klassiske ubrukbare feilmeldinga er «GIMP crashes. This program sucks». Det vert vanskeleg for utviklarane å rette opp eit problem dei ikkje veit kva er.

    Det er fleire felt som normalt er gøymde. (Klikk «Show Advanced Fields» for å visa dei). Desse treng du ikkje, så vi hoppar over dei her.

    Av og til kan det vere greitt å legge ved eit skjermbilete eller andre beskrivingar. Du kan då gå til nettsida for rapporten din og klikke på «Create a New Attachment». Følj instruksjonane som kjem fram. Du bør berre leggja inn vedlegg dersom du meiner dette eller desse er til nytte for feilfinninga. Legg du inn skjermdump, ikkje gjer denne større enn nødvendig. Feilrapportane har ein tendens til å ligge inne i systemet i årevis, så det er ingen grunn til å sløse med lagerplassen.

    Når du har fylt ut alle desse opplysningane, trykk på knappen «Commit» for å senda rapporten din. Noter deg nummeret rapporten vert tildelt slik at du kan finna han fram igjen seinare. Du får ein e-post kvar gong nokon forandrar på eller kommenterar rapporten. Dersom du ønskjer å sjå kva som har skjedd med rapporten, kan du gå inn på http://bugzilla.gnome.org. Heilt nedst på sida finn du «Actions:». Her skriv du inn nummeret til rapporten og trykker ein av knappane Find eller Quick Search.