2. Arbeidsgangen

2.1. Skriving

Språket er engelsk (USA).

For å redigera XML-filer, bruk det tekstredigeringsprogrammet du likar best (forfattaren av denne innføringa føretrekk gratisprogrammet «Kate». Omsetjaren brukar Notepad++, som også er gratis). Du må setja redigeringsprogrammet for:

  • Engelsk-USA språk.

  • Innrykk med 2 mellomrom (Tabulator-tasten må flytta peikaren to mellomrom).

  • Byt ut tabulatorsettingane med mellomrom. Dette for å vera kompatible med alle tekstbehandlingsprogram og nettlesarar.

  • 80 teikn per linje.

  • Automatisk stavekontroll med engelsk (USA) for standardspråk.

Kjeldefilene er skrive på XML-språket ut frå spesifikasjonane i DocBook DTD. DocBook-spesifikasjonane finn du på https://tdg.docbook.org/tdg/4.5/docbook.html.

Ikkje ver redd. Vi brukar ikkje alle desse elementa, og du vil læra XML gradvis ved å lesa eksisterande XML-filer. For nye filer, ver gild å bruk malane du finn i gimp-help/docs/templates-mappa.

[Notat] Notat

Viss du skriv ei ny fil, må du leggja ho til i fila src/gimp.xml, eller i XML-fila som kallar ho opp (for eksempel kallar fila src/menus/edit.xml undo.xml opp redo.xml, fade.xml, og så vidare).