6.6. Indeksert modus

The Indexed command converts your image to indexed mode. See indexed colors in the Glossary for more information about Indexed Color Mode.

6.6.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet på biletmenyen via BileteModusIndeksert.

6.6.2. Dialogen «Konverter biletet til indekserte fargar»

Kommandoen Indeksert opnar dialogen Konverter biletet til indekserte fargar.

Figur 16.62. Dialogen «Konverter biletet til indekserte fargar»

Dialogen «Konverter biletet til indekserte fargar»

Innstillingane
  • Generer optimal palett: Denne vil laga den best moglege paletten med opptil 256 fargar (klassisk GIF-format). Du kan redusera Maksimalt tal på fargar, men dette kan i nokre tilfelle føre til uventa effektar, spesielt ved mjuke fargeovergangar. Skulle dette skje, kan du prøve å forbetra resultatet med bruk av utjamning.

  • Bruk palett optimalisert for Web: Fargane vert best mogleg tilpassa Internett.

  • Bruk svart/kvit (1-bits) palett: Du ender opp med eit bilete i to fargar, svart og kvit.

  • Bruk eigendefinert palett: Denne knappen opnar ei heil liste med førehandsdefinerte palettar. Talet på fargar vert oppgjeve for kvar palett. Paletten «Web», med 216 fargar, er «web-sikker». Han vart opphavleg laga av Netscape for å sikra at fargane vart like både på Mac og PC. Også Internet Explorer 3 kan handsama desse fargane, men frå versjon 4 gjekk MSIE over til ein 212 fargars palett. Problemet med at alle fargane ikkje vert viste likt på alle plattformer og i alle nettlesarane er ikkje løyst førebels, og vert det kanskje heller aldri. Når du skal komponere ei nettside, bruk difor alltid mørk tekst på lys bakgrunn, eller omvendt. Stol aldri på fargane når du vil framheva noko.

    Dersom biletet inneheld mindre enn 256 ulike fargar, kan du fjerna ubrukte fargar frå paletten ved å kryssa av for Fjern ubrukte fargar frå den endelege paletten.

Utjamning

Sidan eit indeksert bilete berre inneheld opp til 256 fargar, vil det ofte skje at ein del av originalfargane ikkje er tilgjengelege på paletten. Dette kan resultere i at nokre område på biletet vert flekkete, einsfarga eller med tydelege skille der det eigentleg skulle vere nydelege fargeovergangar. Du kan unngå ein del av dette ved å aktivera fargeutjamning.

Eit fargeutjamningsfilter, også kalla rasteringsfilter, forsøker å tilnærma seg fargen ved å finne liknande farger på paletten og blande saman høveleg porsjonar av desse. Sett på litt avstand, vil denne blandinga illudere ein ny farge. Sjå meir om dette i ordlista under Utjamning.

I tillegg til valet «Ingen», har du valet mellom tre ulike utjamningsmetodar. Det er ikkje råd å seie noko på førehand om kva for metode som er best. Du må prøva deg fram. Einaste er at filteret «Posisjonert fargeutjamning» som oftast er best ved animasjonar.

Figur 16.63. Eksempel: Alle fargar, utan utjamning

Eksempel: Alle fargar, utan utjamning

Dette eksemplet viser ein mjuk overgang i RGB-modus.


Figur 16.64. Eksempel: Fire fargar utan utjamning

Eksempel: Fire fargar utan utjamning

Det same biletet omforma til fire indekserte fargar, utan utjamning.


Figur 16.65. Eksempel: Floyd-Steinberg (normal)

Eksempel: Floyd-Steinberg (normal)

Det same biletet, med fire indekserte fargar og «Floyd-Steinberg (normal)» utjamning.


Figur 16.66. Eksempel: Floyd-Steinberg (redusert fargeutgliding)

Eksempel: Floyd-Steinberg (redusert fargeutgliding)

Det same biletet med fire indekserte fargar og «Floyd-Steinberg (redusert fargeutgliding)».


I eit GIF-bilete er gjennomsikt koda i 1-bits: anten som gjennomsiktig eller ikkje gjennomsiktig. For å gi ein illusjon om at delar av biletet er delvis gjennomsiktig, kan du prøva Slå på utjamning av gjennomsikt. Vert ikkje dette bra nok, kan du prøva filteret Halvutflating som ofte gir eit betre resultat.

Enable dithering of text layers: dithering text layers will make them uneditable.

[Notat] Notat

Du kan redigere fargepaletten for eit bilete ved hjelp av palettdialogen.