5.2. Innstillingar

5.2.1. Innleiing

Figur 13.51. Liste over dei ulike innstillingane

Liste over dei ulike innstillingane

Dialogane for innstillingar er tilgjengeleg frå verktøyskrinet via FilInnstillingar. Desse dialogane blir brukte for å tilpassa GIMP etter personleg behov. Nedanfor finn du ein omtale av dei ulike innstillingane, kva dei gjer og korleis du kan tilpassa desse til eigne ønskje. Informasjonen er sett opp for GIMP 2.2, men det skulle ikkje vere noe problem å tilpassa dei for GIMP 2.0 dersom det er nødvendig.

All informasjonen om desse dialogane blir lagra i fila gimprc i den private GIMP-katalogen din. Dersom du er oppsett som “administrator” på maskinen din, kan du også redigere denne fila ved hjelp av ein tekstbehandlar. Dersom du gjer dette, og arbeider i Linux, vil du finne mykje teknisk informasjon om innhaldet i denne fila og kva dei ulike innslaga står for i kommandoen man gimprc.

5.2.2. Innstillingar for nytt bilete

Figur 13.52. Innstillingane for nytt bilete

Innstillingane for nytt bilete

I denne dialogen kan du bestemma ein del normalinnstillingar som skal brukast når du opnar for å laga eit nytt bilete. Du finn meir om kva dei ulike innstillingane betyr og kva dei gjer i avsnittet Nytt bilete.

5.2.3. Standard rutenett

Figur 13.53. Innstillingar for rutenettet

Innstillingar for rutenettet

I GIMP kan du legge eit rutenett over biletet for å tilpassa ulike biletelement. Dette rutenettet kan du slå av og på frå biletmenyen via VisVis rutenett. Her kan du bestemme korleis dette rutenettet skal sjå ut. Innstillingane er dei same som du har tilgang på frå biletmenyen BileteStill inn rutenett, men då gjeld dei bare for det bestemte biletet. Du finn informasjon om dei ulike innstillingane i avsnittet Still inn rutenettet.

5.2.4. Grensesnitt

Figur 13.54. Tilpassing av brukargrensesnittet

Tilpassing av brukargrensesnittet

Ved hjelp av denne dialogen kan du tilpassa førehandsvisinga av lag og kanalar, og setje opp eigne tastesnarvegar.


Innstillingane

Førehandsvisingar

Normalt vil GIMP bruke miniatyrar for å vise innhaldet i biletlag og kanalar. Desse førehandsvisingane kan du finne igjen fleire stader, mellom anna i lagdialogen. Dersom du av ein eller annan grunn ikkje ønskjer desse miniatyrane, kan du slå dei av ved å fjerne merket framføre “Slå på førehandsvisingar av lag og kanalar” ved å klikka på det. Dersom du vel å ha førehandsvisingane, kan du bestemma storleiken på dei i “Standard storleik for førehandsvising av lag og kanalar” og i “Standard storleik for førehandsvising av navigering”.

Tastatursnarvegar

I GIMP kan du lage dine eigne tastesnarvegar ganske enkelt ved å trykke ned dei ønskte tastane medan du held musepeikaren på den aktuelle menyen. Fordi det er lett å overskriva dei standardiserte snarvegane på denne måten, er dette valet til vanleg avslått. Du kan aktivisera det ved å klikke fram eit merke i ruta framføre “Bruk dynamiske tastatursnarvegar”.

Trykk på knappen Sett opp tastatursnarvegar for å få fram eit dialogvindauge som du kan bruke for å lage dine eigne tastatursnarvegar.

Dersom du vil at endringane du har gjort også skal gjelde for framtidig bruk av GIMP må du forsikre deg om at det er kryssa av for “Lagra tastatursnarvegane ved avslutning” eller trykk knappen Lagra tastatursnarvegane nå. Bare hugs at du har laga nye snarvegar. Det er lett å bli frustrert når dei velkjende snarvegane ikkje gjer det du er van med at dei skal gjere. Dersom du angrar snarvegane, kan du bruke knappen Tilbakestill tastatursnarvegane til standardverdiar.

5.2.5. Tema

Figur 13.55. Bytte tema

Bytte tema

Eit tema kan vere så mangt, men i denne samanhengen er det eit oppsett som bestemmer korleis GIMP skal sjå ut. GIMP blir levert med to ferdiginstallerte tema: Default som høver for dei fleste og Small som passer best på små skjermar med låg oppløysing. Klikkar du på eit tema i lista, vil du sjå verknaden med ein gong. Det er difor enkelt å prøve seg fram til eit passeleg tema.

Det er også råd å tilpassa eit tema til eigne behov, anten ved å laste ned frå Internett eller ved å gjere endringar på ein kopi av eit tema. Dersom du ønskjer at det nye temaet skal bli synleg i lista må du lagra det i den private mappa themes i GIMP-katalogen. Eit tema blir lagra som ASCII-filer, og kan såleis redigerast. Diverre er ei forklaring på dei ulike postane i ASCII-fila utanfor intensjonane med denne dokumentasjonen, men du står fritt til å eksperimentera. Har du vore borte i programmering vil ein del vere forståeleg. Skulle alt gå gale, er det bare å gå tilbake til eit tema som følgjer med GIMP.

Dersom du er inne som administrator på maskinen din, kan du også redigere dei tema som følgjer med GIMP. Dette bør du ikkje gjere. Lag heller ein kopi i den private mappa di og rediger på den. Dersom du ønskjer å studere endringane dine, lagra dei og trykk på knappen Last gjeldande tema op nytt.

5.2.6. Hjelpsystemet

Figur 13.56. Innstillingar for hjelpsystemet

Innstillingar for hjelpsystemet

Denne dialogen blir brukt til å velje korleis hjelpfunksjonen skal verke i GIMP.


5.2.6.1. Innstillingar

Generelt

Vis verktøytips

Verktøytipsa er små tekstbobler som dukkar opp dersom du held musepeikaren ei kort stund over eit element i grensesnittet, t.d. ein knapp eller eit ikon. Altså ikkje bare for verktøya. Av og til får du ei forklaring på kva elementet gjer, andre gonger eit tips om bruksmåtar som ikkje ligg i dagen. Desse tipsa er til nytte for dei aller fleste brukarane, men skulle du finna dei distraherande, kan du klikka vekk tipsa.

Vis hjelpknappar

Dersom du klikkar av for denne, vil det bli sett inn ein hjelp-knapp i verktøydialogane. Denne knappen kan bli brukt i staden for hjelp-menyen for å opna hjelpsystemet. Dette valet blei introdusert i GIMP 2.2.

Vis tips ved oppstart

Når du startar opp GIMP, kjem det fram eit vindauge med “dagens tips”. Dette er små hint om bruksmåtar som ikkje alltid er like enkle å oppdaga bare ved å prøve seg fram. Du kan likevel slå av denne funksjonen ved å klikka på teksten for fjerne avmerkinga. Skulle du ha lyst til å lese alle tipsa samanhengande, kan du gå inn i menyen i verktøyskrinet og klikke på HjelpDagens tips.

Hjelplesar

Vis hjelpfilene i

Hjelpfilene i GIMP er i HTML-format, altså same formatet som vanlege nettsider. Du kan lese desse filene anten i hjelplesaren som kjem saman med GIMP eller i ein vanleg nettlesar. Rett nok er hjelpsidene optimaliserte for å visast i GIMP sin hjelplesar, men stort sett så blir resultatet svært så brukbart også i vanlege nettlesarar.

[Notat] Notat

Hjelplesaren er ikkje tilgjengeleg på alle plattformene. Dersom han manglar, vil den vanlege nettlesaren bli brukt for å vise hjelpsidene.

Nettlesar

Nettlesar som skal brukast

Dersom du har vald å vise hjelpfilene i “GIMP hjelplesar” vil er dette valet vere utan effekt. Har du derimot vald “Nettlesar”, kan du her velje kva for nettlesar du vil bruke og korleis han skal kallast opp. Knappen til høgre opnar for ein fil-lesar som du kan klikke i for aktuell nettlesar. Du kan også velje å skrive inn kommandoen direkte i ruta.

5.2.7. Verktøyinnstillingane

Figur 13.57. Verktøyinnstillingane

Verktøyinnstillingane

Denne dialogen blir brukt for å bestemme ein del generelle innstillingar for ulike verktøy.


5.2.7.1. Innstillingane

Fest til rutenett og hjelpelinjer

Festeavstand

Festeavstand” betyr at dersom du slepp eit biletelement innføre denne avstanden, vil elementet bli flytt inn til rutenettet eller hjelpelinjene. Dette kan vere til stor hjelp for å plassera elementa nøyaktig. Du kan slå denne eigenskapen av eller på frå biletmenyen via VisFest til hjelpelinje eller VisFest til rutenett. Kor nære elementet må vere hjelpelinja eller rutenettet blir bestemt i denne dialogen. Verdien er oppgitt i pikslar.

Finne samanhengande område

Førehandsvald terskel

Verktøya fyll og tryllestaven bruker matematikk for å finne kva område som skal oppfattast som samanhengande. Terskelverdien bestemmer kor nær to pikslar må vere i farge eller lysverdi for å bli oppfatta som samanhengande.

Skalering

Førehandsvald interpolasjon

Når noe blir skalert, dvs. gjort større eller mindre, blir dei nye pikslane rekna ut ved å interpolere verdiane av dei pikslane som ligg rundt. I denne dialogen bestemmer du kva for metode som skal vere den førehandsinnstilte. Vala er:

Ingen. Er sjølvsagt den raskaste metoden, men med dårlegast resultat. Lite brukt i praksis.

Lineær. Dette er den vanlegaste. Tålleg bra resultat og rimeleg rask.

Kubisk. Dette er normalt den beste metoden, men også den seinaste. For noen bilete kan likevel resultatet faktisk bli dårlegare enn ved lineær interpolering.

Teikneinnstillingar felles for fleire verktøy

Pensel, Mønsterelement, Fargeovergang

Har du for eksempel merka av i ruta framføre Pensel, vil den penselen du vel for blyanten også gjelde for kloneverktøyet eller andre verktøy som brukar pensel. Er ruta ikkje avkryssa, vil penselinnstillingane bare gjelde for det aktive verktøyet.

Flytteverktøyet

Endre gjeldande lag eller bane

Dersom du har merka av for denne, vil flytteverktøyet automatisk verke på biletlag eller bane utan at du trykker noen tastar samstundes.

5.2.8. Verktøyskrinet

Figur 13.58. Innstillingane for verktøyskrinet

Innstillingane for verktøyskrinet

5.2.8.1. Innstillingane

Figur 13.59. Normalinnstillingane

Normalinnstillingane

Her kan du i avgrensa grad bestemma utsjånaden til verktøyskrinet. Du kan slå av eller på visinga av ein del informasjonar viste nederst i verktøyskrinet

Utsjånad

Vis forgrunns- og bakgrunnsfarge

Kontrollerer om fargeområdet (3) nede til venstre i verktøyskrinet skal vere synleg eller ei.

Vis aktiv pensel, mønsterelement og fargeovergang

Kontrollerer om indikatorområdet (4) nedst i verktøyskrinet skal vere synleg eller ei.

Vis aktivt bilete

Kontrollerer om visinga av aktivt bilete (5) nedst i verktøyskrinet skal vere synleg eller ei.

5.2.9. Biletvindauget

Figur 13.60. Generelle innstillingar for biletvindauget

Generelle innstillingar for biletvindauget

Denne dialogen blir brukt for å setje opp ein del innstillingar for oppførsla til biletvindauget.


5.2.9.1. Innstillingar

Generelt

Sett Punkt for punkt som normal

Når “Punkt for punkt” er på, vil ein piksel i biletet bli vist som ein piksel på skjermen dersom zoomfaktoren er sett til 1 : 1. Når “Punkt for punkt” er slått av, vil forma på biletet vist på skjermen bli bestemt av X- og Y-oppløysinga i biletet. Du finn meir om dette under Skalering.

Farten til dei marsjerande maura

Kantane rundt ei markering blir markerte med ei prikkelinje som ser ut til å flytte seg rundt kanten. Dette er dei såkalla “Marsjerande maura”. Dess lågare verdi du set her, dess raskare vil maura flytte seg, og altså dess meir distraherande blir linja.

Oppførsel ved skalereing og zooming

Endre vindaugestorleik ved zooming

Dersom det er kryssa av for dette valet, vil biletvindauge forandra storleik i høve til biletet. Er valet ikkje avkryssa, vil biletvindauget ha same storleik heile tida.

Tilpass vindauget etter biletstorleiken

Dersom det er kryssa av for dette valet, vil biletvindauge forandra storleik i høve til biletet. Er valet ikkje avkryssa, vil biletvindauget ha same storleik heile tida.

Format ved opning

Du kan her velje om biletvindauget skal skalerast slik at heile biletet får plass i vindauget når du opnar det, eller du kan vise biletet i storleik 1 : 1. Dersom du vel den siste, og biletet er større enn skjermen, vil bare ein del av biletet bli vist. Du kan sjølvsagt likevel flytte rundt på biletet for å sjå resten av det.

Musemarkør

Vis penselomriss

Dersom det er kryssa av for dette valet, vil musepeikaren vise omrisset av det aktive verktøyet. Skulle det vise seg at GIMP får problem med å følgje med i penselflyuttingane dine, kan du slå av denne funksjonen.

Vis markør for teikneverktøyet

Dersom denne er avmerka, vil musemarkøren vere synleg for teikneverktøya. Denne markøren kjem i tillegg til eventuelt penselomriss. Markørtypen bestemmer du i neste val.

Markørmodus

Dette valet har bare meining dersom det er kryssa av for Vis markør for teikneverktøyet. Du har tre val: 1. Verktøyikon, som i tillegg til markøren viser eit lite ikon som skal førestilla det aktuelle verktøyet. 2. Verktøyikon med trådkors som i tillegg til markøren også viser eit trådkors som indikerer sentrum for verktøyet. 3. Bare trådkors som viser bare trådkorset utan markøren.

Markørbiletet

Du kan her velje mellom “Fancy” som viser markøren i gråskala, eller “Svart/Kvit” som viser ein enklare markør. Dette kan auke farten på maskinen din litegrann dersom du har problem med ein saktegåande maskin.

5.2.10. Utsjånaden til biletvindauget

Figur 13.61. Innstillingar for biletvindauget

Innstillingar for biletvindauget

Ved hjelp av denne sida kan du tilpassa normalvisinga av biletvindauget etter eigne ønskje. Legg merke til at det er er to sett innstillingar her, eitt for normalvindauget og eit for vising på full skjerm. Alle innstillingane her kan endrast for kvart bilete ved å gå inn på Vis-menyen. Dei ulike vala er nærare forklarte i avsnittet om Biletvindauge.


Det einaste som krev forklaring her er innstillingane som er relaterte til lerretfyll. “Lerretfyll” er den fargen som blir vist rundt biletet dersom det ikkje fyller ut heile vindauget. Du kan her velje mellom å bruke fargen frå det aktuelle temaet du har vald, den lyse eller den mørke fargen som blir brukt på sjakkbrettmønsteret som representerer gjennomsikt, eller ein eigendefinert farge som du kan velje ved å bruke fargeknappen etter “Eigendefinert lerretfarge”.

5.2.11. Tittel- og statuslinjer i biletet

Figur 13.62. Format for tittel- og statuslinjer i biletet

Format for tittel- og statuslinjer i biletet

Denne sida blir brukt for å tilpassa tekst som kjem fram på tittellinja og på statuslinja i biletvindauget. Tittellinja skal normalt bli vist over biletet, men sidan dette krev eit samarbeid med biletbehandlaren i maskinen din, er det slett ikkje sikkert at dette alltid er tilfelle. Statuslinja skal på same måten normalt vere å finne under biletet, men heller ikkje her kan ein vere heilt sikker på at så er tilfelle. Sjå meir om dette i avsnittet om biletvindauge.


5.2.11.1. Velje eit format

Du kan velje mellom ein del ferdige format, eller du kan lage eit sjølv ved å skrive inn ein formatstreng. Denne formatstrengen viser alt slik du skriv det inn, unntatt variablane, som alltid byrjar med “%”. Her kjem ei liste aver dei variablane du kan bruke:

[Notat] Notat

Du må ikkje forandra namna på sjølve variablane.

Variablane
%f Namnet på biletfila, eller “Utan namn
%F Full bane, eller “Utan namn
%p ID-nummer for biletet (dette er unikt).
%i Visningsnummer dersom biletet har meir enn ei vising
%t Bilettype (RGB, gråskala eller indeksert
%z Zoomfaktor i prosent
%s Skaleringsfaktor kjelde (zoomnivå= %d/%s)
%d Skaleringsfaktor mål (zoomnivå= %d/%s)
%Dx Utvid til x dersom biletet er ulagra, elles ingenting
%Cx Utvid til x dersom biletet er lagra, elles ingenting
%l Talet på lag
%L Talet på lag (lang form)
%m Minne brukt av biletet
%n Namnet på aktivt lag/kanal
%P ID for aktivt lag/kanal
%w Biletbreidde i pikslar
%W Biletbreidde i reell måleeining
%h Bilethøgde i pikslar
%H Bilethøgde i reell måleeining
%u Symbol for måleeining (t.d. px for piksel)
%U Forkorting for måleeining
%% Teiknet “%

5.2.12. Skjerm

Figur 13.63. Innstillingar for skjermen

Innstillingar for skjermen

Her kan du bestemma korleis gjennomsikt i biletet skal visast på skjermen. Dessutan kan du kalibrera oppløysinga for skjermen.


5.2.12.1. Innstillingar

Gjennomsikt

Visningsmåte for gjennomsikt

Til vanleg vil GIMP indikere gjennomsikt ved hjelp av sjakkbrettmønster i middels lyse fargar. Du kan her endra fargen på rutemønsteret eller sjølve rutemønsteret. I tillegg kan du velje å markere gjennomsikt med einsfarga svart, kvit eller grå.

Rutestorleik

Du kan her velje mellom små, middels eller store ruter for sjakkbrettmønsteret.

Figur 13.64. Kalibrering av monitoren

Kalibrering av monitoren

Skjermoppløysinga

Skjermoppløysinga blir målt i kor mange biletpunkt det må til for å få ein tomme (eigentleg inch) på skjermen. Oppløysinga blir målt både horisontalt (X-oppløysing) og vertikalt (Y-oppløysing). Du kan velje mellom tre metodar:

  • Hent oppløysinga frå vindaugesystemet til datamaskinen. Dette er den suverent enklaste måten, men kan vere unøyaktig.

  • Sett manuelt

  • Ved bruk av kalibreringsknappen

Dialogen for kalibrering

Når du trykker på kalibreringsknappen kjem det opp eit vindauge med ein horisontal og ein vertikal linjal. Mål lengda på desse linjalane med ein verkeleg linjal, og skriv inn resultata. Du kan velje måleeining i nedtrekksmenyen. Trykk OK og maskinen gjer resten.

5.2.13. Inn-einingar

Figur 13.65. Innstillingar for inneiningane

Innstillingar for inneiningane

Utvida inndatautstyr

Konfigurering av utvida inndatautstyr

Du bruker denne knappen for å setje opp, konfigurere, ekstrautsyr som er kopla til maskinen. Dette kan vere digitalt teiknebrett, MIDI-tastatur eller anna utstyr utover det som er tilkopla “normalt”. For eit digitalt teiknebrett kan dialogen sjå slik ut:

Figur 13.66. Innstilling av digitalt teiknebrett

Innstilling av digitalt teiknebrett

Lagra innstillingar for inndatautstyr ved avslutning

Dersom du merkar av for denne boksen, vil GIMP lagra innstillingane og bruke dei neste gong du opnar GIMP.

Lagra innstillingar for inndatautstyr nå

Treng vel ikkje nærare forklaring.

Tilbakestill lagra innstillingar for inndatautstyr

Fjernar dei innstillingane du har gjort og set alt tilbake til normalinnstillingane.

5.2.14. Inndatastyring

Denne dialogen har to faner, den eine gir deg høve til å setje innstillingane for musehjulet, den andre for å tilpassa tastaturet:

Musehjulet Main Mouse Wheel

Figur 13.67. Kortet for musehjulet

Kortet for musehjulet


Generelt
  • Avslå handlingar frå denne kontrollen: Blir bare brukt ved feilfinding for å omdirigera utgangsdata frå denne eininga til t.d. lagring i ei fil. For å sjå verknaden av denne kommandoen, må du opna GIMP frå ein terminal eller omdirigera standard utgang til fil ved hjelp av ein “shell-kommando”.

  • Aktiviser denne kontrollen: Denne må vere avkryssa for å kunne legge nye handlingar til musehjulet.

Musehjulhendingar

Til venstre i rullevindauget er moglege hendingar for musehjulet opplista. Til høgre dei tilhøyrande handlingane. Knappane Rediger og Slett blir brukte for å nettopp redigere eller slette den markerte hendinga og handlinga knytt til denne.

Noen av hendingane er ikkje knytt til ei handling. Dei er kanskje lista opp for framtidig bruk eller som eksempel. I alle fall verkar dei ikkje.

Vel hending knytt til handling

Trykker du på knappen Rediger etter at du har markert ei hending, vil dette opna følgjende dialogvindauge:

Figur 13.68. Vel hendingshandling for kontrollen

Vel hendingshandling for kontrollen

Dersom det finst ei handling for denne hendinga, vil vindauget bli opna på denne. Elles vil vindauget visa gruppene med moglege hendingar. Klikk på ei hending for å gjere ho aktiv.

Tastaturet (Main Keyboard)

Denne dialogen blir brukt på same måten som dialogen for musehjulet. Handlingane blir relaterte til piltastane, eventuelt i kombinasjon med kontrolltastane.

Figur 13.69. Tastaturet

Tastaturet

[Notat] Notat

Du kan finne eit eksempel på bruk av desse omgrepa i Å lage ein pensel med variabel storleik .

5.2.15. Vindaugehandtering

Figur 13.70. Innstillingar for å tilpasse vindaugebehandlinga

Innstillingar for å tilpasse vindaugebehandlinga

Her kan du bestemma litt av korleis GIMP skal visa ulike vindauge. Ulempen er at GIMP ikkje kan behandla vindauga direkte, men må gå vegen om biletbehandlaren i systemet maskinen bruker. Utsjånaden på vindauga er altså mykje styrt av om du bruker Windows, ei eller anna form for Linux eller eit anna system. Sjølv om innstillingane i denne dialogen verkar nokolunde brukbart i dei fleste systema, må du ikkje bli skuffa om dei ikkje gjer det.

5.2.15.1. Innstillingane

Melding til vindaugebehandlaren

Plassering av verktøy- og innlimingsvindauge

Innstillingane her bestemmer korleis verktøyskrinet og innlimingsvindauga for dialogar, (“tavler”), skal sjå ut. Valet “Normalvindauge” gjer at desse vindauga blir behandla som andre vindauge. Valet “Verktøyvindauge” gjer at vindauget blir gjort synleg, dvs. løfta framføre dei andre vindauga, også biletvindauga, når du aktiverer eit biletvindauge. “Alltid øvst” gjer at vindauget alltid blir vist framføre allae andre vindauge som måtte vere på skjermen. Legg merke til at innstillingane ikkje blir aktiverte før du opnar GIMP på nytt.

Fokus

Aktiver biletet som har fokus

Når du fokuserer på eit biletvindauge, altså at du klikkar ein eller annan stad innanfor biletramma, vil dette normalt også bli det aktive vindauget og såleis det vindauget som alle biletrelaterte funksjonar verkar på. Kva vindauge som har fokus, blir indikert ved at ramma skifter farge. Dersom du avmarkerer for denne funksjonen, vil det vindauget som er under musepeikaren få fokus. (Denne funksjonen verkar ikkje på min maskin, Windows XP).

Vindaugeposisjonar

Lagra vindaugeposisjonane ved avslutning

Dersom denne er avkryssa, vil du (stort sett) når du opnar GIMP få dei same dialogvindauga i dei same posisjonane på skjermen som du hadde då GIMP sist blei avslutta.

Lagra vindaugeposisjonane nå

Denne knappen blir helst brukt når valet “Lagra vindaugeposisjonane ved avslutning ” ikkje er aktivisert. Du kan setje opp dei ulike vindauga slik du ønskjer det, trykke på knappen og håpe på at GIMP opnar neste gong med det same oppsettet.

Tilbakestill lagra vindaugeposisjonar til standardverdiar

Dersom du av ein eller annan grunn ikkje er nøgd med skjermoppsettet du har lagra, kan du raskare setje dei tilbake til normalinnstillingane enn å arrangere alt på nytt.

5.2.16. Omgivnader

Figur 13.71. Innstillingsdialogen for omgivnader

Innstillingsdialogen for omgivnader

Denne sida blir brukt for å tilpassa minnebruken for ulike føremål. Dessutan kan du slå av varslinga dersom du er i ferd med å lukke bilete som ikkje er lagra, kvifor du nå skulle det? Endeleg kan du også setje storleiken på miniatyrane og filene for desse.


5.2.16.1. Innstillingane

Resursbruk

Minimum angrenivå

GIMP lar deg angre mykje av det du gjer ved å lage ein “angrelogg” for kvart bilete. Dette kan bruke opp ein god del minneplass. Difor kan du her bestemme kor mange handlingar som minimum skal lagrast i angreloggen. Sjå Seksjon 3, “ Angre for nærare om angrefunksjonane i GIMP.

Maksimalt angreminne

Her bestemmer du kor mykje plass angreloggen skal få lov til å bruke i minnet. Dersom angreloggen har bruk for meir enn det du har skrive inn her, vil dei eldste oppføringane i loggen bli sletta dersom talet på oppføringar ikkje kjem under det du har bestemt ovanfor som minimum.

Storleik på bufferlageret

Dette er den delen av minnet som er avsett til GIMP sine biletdata. Dersom det trengst meir minneplass enn det som er oppgitt her, vil GIMP overføre ein del biletdata til harddisken. Dette vil redusere farten på programmet merkbart. Du finn meir om dette under Korleis setje opp bufferlageret.

Maksimumsformat for nye bilete

Dersom du prøver å lage bilete større enn det som er spesifisert her, skjer det ikkje anna enn at GIMP spør om du verkeleg vil lage så stort bilete. Dette er helst for å hindre at du lager svært store bilete ved eit uhell.

Biletminiatyrar

Storleik på miniatyrbileta

Her kan du bestemme om det skal visast miniatyrar i dialogen for å opna filer, og eventuelt storleiken på dei. Desse miniatyrane blir også lagra for eventuell bruk av andre program. Vala er “Ingen”, “Normal (128x128)” og “Stor (256x256)”.

Maksimal filstorleik for miniatyrar

Dersom miniatyrfila er større enn det som er oppgitt her, vil GIMP ikkje lage miniatyr av denne. Dette for å unngå ekstremt store miniatyrar.

Biletlagringa

Bekreft lukking av ulagra bilete

Det er ikkje råd å angra lukkinga av eit bilete. Difor vil GIMP normalt be om ei bekrefting på at du verkelg vil lukke biletet utan lagring i dei tilfella der dette vil føre til tap av ulagra biletdata. Du kan slå av denne funksjonen, men er då sjølv ansvarleg for å hugse om det er gjort endringar i biletet sidan sist lagring.

5.2.17. Mapper

Figur 13.72. Dialog for val av mapper

Dialog for val av mapper

Her kan du bestemma plasseringa av av to viktige mapper som GIMP bruker som mellomlager for filer. Du kan forandre mappene ved å skrive inn fullstendig bane og mappenamn, eller du kan leite deg fram ved å trykke ellipseknappen til høgre for namnet. I kapitlet Datamapper finn du meir om korleis du kan tilpassa andre mapper for bruk i GIMP.

Mappper

Mappe for mellombels filer

Denne mappa blir brukt for mellombels (temporære) filer. Dette er filer som blir brukte for å lagra arbeidsdata og blir sletta når det ikkje er bruk for dei meir. Til vanleg treng ikkje desse filene så mykje plass. Dersom du ikkje har forandra på det, blir desse filene plasserte i undermappa tmp i den private katalogen din. Skulle denne harddisken vere overfylt eller ha andre problem med å fungera skikkeleg, kan du flytte desse filene til ein annan katalog eller ein annan harddisk. Det einaste kravet er at mappene må eksistera og at du har full tilgang til dei.

Mellomlagringsmappe

Denne mappa blir brukt som eit mellomlager når mengda av data og bilete opna i GIMP overgår det som er tilgjengeleg i maskinminnet (RAM). Dette kan skje dersom du arbeider med store bilete eller bilete med mange biletlag. Har du mange bilete opne samstundes, vil også dette kreve mykje minneplass. Som andre program for biletbehandling, er også GIMP storforbrukar av RAM. Normalt blir desse filene lagra i den private mappa di, men dersom du har ein annan harddisk med betre plass tilgjengheleg, kan du bytte til denne. Det einaste kravet er at mappene må eksistera og at du har full tilgang til dei.

5.2.18. Datamapper

Figur 13.73. Innstillingar: Penselmapper

Innstillingar: Penselmapper

GIMP bruker mange ulike resursar, som t.d. penslar, fargeovergangar og mønsterelement. Sjølv om det følgjer med mange utgåver av desse når du installerer GIMP, kan du likevel legge til utgåver du lagar sjølv eller får tak i på andre måtar. Kvar av desse har ei innstillingsside der du kan setje opp søkebanen for kvar einskild resurs. Det er denne søkebanen GIMP bruker for å kunne henta inn dei aktuelle resursane automatisk ved oppstart. Sidan alle desse sidene er nokså like kvarandre, har vi vald å bruke sida for penslane som eksempel.

I utgangspunktet inneheld kvar søkebane to mapper. Ei system-mappe der penslane eller kva det måtte vere som kjem saman med GIMP blir lagt inn. I tillegg er det også ei personleg mappe der alt det du lagar sjølv blir plassert. For ikkje å gjere forandringar i systemmappa ved eit uhell, skal denne ikkje merkast som “skrivbar”. Du bør heller ikkje gjere andre forsøk på å endra innhaldet i mappa. Derimot må den personlege, eller private, mappa di vere open for å kunne skrivast til, elles får du ikkje lagra tinga dine.

Du kan tilpassa søkevegen med knappane øvst i dialogvindauget.

Eigenskapar

Vel ei mappe

Klikk på ei av mappene for å gjere denne til den som funksjonane du ønskjer å utføre skal verka på.

Legg til/bytt mappe

Dersom du skriv mappenamnet i innskrivingsruta, eller finn fram til ei mappe ved hjelp av filveljarknappen heilt til høgre, og deretter klikkar på den venstre knappen, vil den nye mappa bli sett inn i staden for den markerte mappa. Dersom ingen mapper er markerte, vil mappa bli lagt til i lista. Er lampesymbolet framføre mappenamnet raudt i staden for grønt, betyr dette at mappa ikkje finst. Sidan GIMP ikkje vil lage mappa for deg, må du gjere dette sjølv.

Flytt opp/ned

Innlastinga av mappene skjer i den rekkefølgja dei er vist i lista. Du kan såleis påverka dette ved å flytte filene opp eller ned med pilene øvst i dialogvindauget.

Fjern mappa

Klikk på søppeldunken for å fjerna den markerte mappa frå søkelista. Sjølve mappa blir ikkje fjerna, bare plasseringa på lista. Det er ingen god ide å fjerne systemmappa, men ingenting hindrar deg i å gjere det.