2.2. Biletvindauget

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1922 $ 2006-09-17 KoSt

Figur 3.3. Biletvindauget med dei viktigaste komponentane

Biletvindauget med dei viktigaste komponentane

I GIMP blir kvart bilete opna i eitt, eller i noen få tilfelle i fleire, separate vindauge. Vi byrjar med å presentere dei komponentane som blir sette automatisk i eit ordinært biletvindauge. Noen av desse kan rett nok fjernast med kommandoar i Vis-menyen, men du finn kanskje ut at det er like greitt å ha dei på plass.

1

Tittellinja: Øvst i biletvindauget finn du eit lite område som viser namnet på biletet og noen andre opplysningar om det. Tittellinja blir eigentleg laga av datamaskinen, og ikkje av GIMP. Difor kan utsjånaden skifte etter kva operativsystem du nyttar og korleis dette er sett opp. Du kan tilpassa ein del av innstillingane for tittellinja i dialogen Innstillingar dersom du ønskjer det.

2

Biletmenyen: Like under tittellinja finn du Biletmenyen (dersom du ikkje har vald å gjere han usynleg). Denne menyen gir deg tilgang til det meste du kan gjere med eit bilete. (Det finst noen få globale settingar som bare er tilgjengelege frå hovudmenyen). Du kan også få tilgang til biletmenyen ved å høgreklikka på biletet [1], eller ved å venstreklikka på pilsymbolet i øvre, venstre hjørne dersom du av ein eller annan grunn finn dette enklare. Vidare: Dei fleste menyfunksjonane kan også nåast frå tastaturet med Alt-tasten pluss den bokstaven som er understreka i menyen. Endeleg kan du også definera dine eigne snartastar dersom du opnar Tastatursnarvegar i dialogen Innstillingar i hovudmenyen. (Du finn det under Grensesnitt i filoversynet).

3

Menyknappen: Klikk på denne knappen for å få fram menyen som eige menyfelt. Køyrer du av ein eller annan grunn med usynleg biletmeny, kan du få fram menyen når du treng han ved å trykke Shift-F10.

4

Linjal: I normaloppsettet er det synlege linjalar over og til venstra for biletet. Dette for å vise koordinata til musepeikaren inne i biletet. Til vanleg viser linjalane biletpunkt (pikslar), men dette kan du endre. Sjå nedafor.

Ein av dei viktige bruksmåtane for linjalane er å lage hjelpelinjer. Klikkar du på ein linjal og dreg musepeikaren inn på biletet, vil det bli laga ei hjelpelinje på biletet. Slike hjelpelinjer er nyttige når du ønskjer å plassera noe nøyaktig. Hjelpelinjene kan flyttast ved å klikka på dei og dra dei til ny posisjon, eller du kan flytta dei heilt ut av biletet for å bli kvitt dei.

5

Snarmaske av/på: Nede i venstre hjørne av biletvindauget finn du knappen for å veksle mellom snarmaske av eller på. Snarmaska blir brukt for å syne markerte område av eit bilete. Sjå Snarmaske for nærare detaljar.

6

Peikarkoordinat: Nede til venstre finn du koordinata for peikaren. I praksis er dette som oftast koordinata for musepeikaren dersom du bruker mus. Dersom peikaren kjem utanfor biletet, blir koordinata viste i grått. Måleeiningane er dei same som du har sett for linjalane.

7

Måleeining: (Frå og med GIMP 2.2). I normalsettinga blir det brukt pikslar (px) som måleeining på linjalane, men det kan av og til vere behov for andre måleeiningar. Du kan velje etter behov med denne menyen. (Merk at innstillingane i “Punkt for punkt” i Vis-menyen kan påverke måten biletet blir skalert på. Sjå Punkt for punkt for nærare detaljar).

8

Zoomknappen: (Frå og med GIMP 2.2). Det finst mange måtar å forstørre eller forminske visninga av biletet på (zoome biletet), men denne knappen er oftast den raskaste dersom dei valde intervalla passar.

9

Statusområdet Som oftast viser dette området kva del av biletet som for tida er aktivt, i tillegg til kor mykje minneplass biletet nyttar. Du kan tilpassa visinga etter eige ønskje ved å gå inn på FilInnstillingarBiletvindaugeTittel og status i hovudmenyen. Når du utfører tidkrevjande operasjonar vil innhaldet i dette vindauget fortelje kva for operasjon som blir utført akkurat nå, og kor langt prosessen er komen.

[Notat] Notat

Mengda av minne som biletet bruker er som oftast mykje større enn filstorleiken. For eksempel vil eit 69,7 Kb .png-bilete bruke 256 Kb minneplass når det blir vist på skjermen. Dette kjem av at biletet er rekonstruert frå ei pakka fil. I tillegg lagar GIMP ein kopi av biletet slik at du eventuelt kan angra det du måtte gjere med biletet.

10

Avbrytknappen: Denne finn du nede i høgre hjørnet av biletvindauget. Dersom du byrjar ein tidkrevjande operasjon (som oftast eit programtillegg) og under utføringa av programmet kjem fram til at du eigentleg ikkje har bruk for dette, kan du avbryte programmet med denne knappen.

[Notat] Notat

Noen av programtillegga likar dårleg å bli avbrotne og demonsterar dette ved å øydeleggja biletet. Kanskje like greitt å la programmet gjere seg ferdig, og så bruke “angre” etterpå.

11

Navigasjonskontroll: Denne knappen nede i høgre hjørnet gjer mest nytte for seg når du arbeider med store bilete eller store forstørringar. Klikkar du på denne, og held museknappen nede, vil du få fram ein miniatyr av det biletet du arbeider med. Dersom dette biletet er større enn skjermen, vil du også få fram ei ramme som viser det synlege utsnittet. Ved å flytte på ramma, kan du velje kva for eit biletutsnitt som skal synast i arbeidsvindauget. (Det finst også andre måtar å få fram navigasjonsvindauget på. Sjå navigasjonsdialogen). Er maskinen din sett opp slik, kan du bruke den midtre museknappen eller musehjulet for å flytte deg rundt i biletet.

12

Inaktiv ramme: Ubrukt skjermplass. Du kan ikkje gjere noe direkte med dette området.

13

Biletvisinga: Den viktigaste delen av biletvindauget er naturlegvis biletvisinga. Denne er plassert midt i vindauget, omgitt av ei prikkelinje som markerer yttergrensa for biletet. Resten av biletvindauget er nøytralt grått. Du kan endre storleiken på biletet på mange måtar, inklusive med zoom-knappen nemnd ovanfor.

14

Kople biletvisinga og biletvindauget: Dersom denne knappen er aktivisert, vil storleiken på biletvisinga forandre seg etter storleiken på biletvindauge.



[1] På Apple Macintosh kan du bruke Ctrl + museknappen.