9. Å lage ein pensel med variabel storleik

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1978 $ 2006-08-19 KoSt

Du kan lage ein pensel der storleiken kan forandrast ved hjelp av musehjulet eller med piltastane.

  1. Start med å opna penseldialogen ved å dobbeltklikka på penselområdet i verktæyskrinet eller frå menyen FilDialogarPenslar.

  2. Klikk på knappen Ny pensel for å opna penselbehandlaren. Du vil sjå den nye penselen din i dialogvindauget markert med eit blått hjørne. Gi penselen eit høvande namn, t.d. “Dynamisk”.

  3. Gå til FilInnstillingarInndataeiningarInndatakontrollar.

    • og markér Aktiviser denne kontrollen.

    • Leit deg gjennom lista med Hendingar og vel Rull opp (Shift). Unngå Rull opp (Ctrl) fordi Ctrl er brukt for å opna fargehentaren.

    • Klikk på knappen Rediger for å opna vindauget som gir deg høve til å tilordna handlinga til ei kontrollen. Dersom det er ei handling tilordna denne hendinga frå før, vil vindauge bli opna med denne handlinga markert. Elles klikkar du på den vesle firkanten framføre Samanheng for å opna lista over aktuelle handlingar. Leit deg gjennom lista til du finn hendinga med namnet context-brush-radius-increase eller context-brush-radius-increase-skip) om du heller ønskjer denne. Klikk deretter OK.

    • Gjer det same for å tileigna “context-brush-radius-decrease” til “Scroll down (Shift)” slik at du også kan gjere penselstorleiken mindre.

  4. Lagra penselen ved å klikka på Lagra i penselbehandlaren.

Når du bruker denne nye penselen din i eit av verktøya som nyttar pensel, kan du variera penselbreidda ved å halde nede Shift-tasten samstundes som du bruker musehjulet. Endringane vil vere direkte synlege i penselområdet i verktøyskrinet og i penseldialogen.

Dersom du aktiviserer “Main Keyboard” taggen i staden for “Main Mouse Wheel”, kan du legge ulike handlingar til piltastane på tastaturet.

[Notat] Notat

Handlingane blir ikkje fjerna frå vindauget når du fjernar penselen. Du må fjerne dei manuelt ved å markera dei og klikka på knappen Slett.