2.5. Tryllestaven

Figur 12.9. Symbolet for tryllestaven i verktøyskrinet

Symbolet for tryllestaven i verktøyskrinet

Tryllestaven, eller “verktøyet for å markera samanhengande område”, blir brukt for å velje ut område på det aktive laget eller biletet etter likskap i farge. Tryllestaven blir aktivisert ved at du klikkar på eit fargepunkt i biletet. Du vil då sjå korleis markeringa flyt utover som vatn over eit flatt lende etter kvart som punkta med liknande farge som startpunktet blir markerte. Du kan kontrollera kor like fargane må vera for å bli tatt med i markeringa ved å flytta musepeikaren nedover eller mot høgre. Dess lenger du flyttar peikaren, dess større område. Flytter du peikaren oppover eller mot venstre, blir området redusert.

Når du nyttar dette verktøyet, er det svært viktig å velja det rette startpunktet. Vel du feil, kan resultatet bli nokså langt frå det du hadde venta deg, eller til og med heilt omvendt.

Tryllestaven er eit godt verktøy for å velje ut område med skarpe, markerte kantar. I tillegg er det morosamt å bruka det, så nybegynnarane likar ofte dette verktøyet svært godt. Etterkvart vil kanskje gleda blir bytt ut med frustrasjon over at du ikkje greier å gjere nøyaktig den markeringa du ønskjer. Meir frustrerande er det kanskje likevel at etter at du har sleppt museknappen, kan du ikkje gjere endringar i markeringa. Er du misnøgd, må du gjere heile markeringa om igjen. Etter kvart vil du kanskje finne ut at verktøya for bane og Marker etter farge er vel så nyttige. Du bør likevel ikkje avskriva tryllestaven. Han er fin til å velje ut eit område innføre eit omriss, og for å retta opp unøyaktige markeringar. Vidare er han ofte svært nyttig for å velje einsfarga eller nær einsfarga bakgrunnar eller større fargeflater.

Legg merke til at det valde området forplantar seg utover frå senter. Det spreier seg ikkje bare til nærliggande fargepunkt, men kan også gjere små hopp. Kor lange desse hoppa kan vere, bestemmer du i Verktøyalternativ under Innstillingar i Hovudmenyen. Ved å auka eller minska verdien i “Terskelverdien” i avsnittet “Vel samanhengande område” kan du gjere tryllestaven meir eller mindre aggressiv. Ver bare klar over at dette også påverkar fylle og blande-verktøya.

2.5.1. Aktivering

Du kan få fram dette verktøyet ved å gå inn i biletmenyen på VerktøyMarkeringsverktøyTryllestaven, frå Verktøyskrinet ved å klikke på ikonet eller frå tastaturet med bokstaven z (frå tysk “Zauber” som betyr trolldom).

2.5.2. Tastekombinasjonar (Standardinnstilling)

Dette verktøyet har ingen spesielle tastekombinasjonar utover dei som er omtalte som felles for alle markeringsverktøya.

2.5.3. Verktøyinnstillingar

Figur 12.10. Innstillingane for tryllestaven

Innstillingane for tryllestaven

[Notat] Notat

Sjå felles eigenskapar for eit oversyn over tastekombinasjonar som er felles for fleire av markeringsverktøya. Bare kombinasjonar som er spesifikke for tryllestaven blir omtalte i dette avsnittet.

Du får fram verktøyinnstillingane ved å klikka, eventuelt dobbeltklikka på verktøyikonet i verktøyskrinet.

Finn liknande fargar

Desse innstillingane påverkar måten tryllestaven utvidar seg på ut frå det valde startpunktet.

Vel gjennomsiktige område

Dersom denne er avmerka, vil tryllestaven kunne markere gjennomsiktige område. Er han ikkje avkryssa, vil desse områda ikkje bli inkluderte i markeringa.

Markeringsfletting

Dette valet kan vere relevant når du har mange lag i biletet, og det aktive laget anten er litt gjennomsiktig eller er sett til ein annan modus enn normal. Dersom dette er tilfelle, vil fargane i laget vere annleis enn fargane i det synlege biletet. Tryllestaven vil, dersom du har kryssa av for dette valet, reagere på fargane slik dei ser ut for oss. Dersom valet er umarkert, vil tryllestaven reagere bare på fargane i det aktive laget. Sjå nærare i ordboka under Markeringsfletting.

Terskel

Denne glidebrytaren bestemmer kor like fargane må vere fargen i du startar med. Dess større verdi, dess større område blir markert. Dersom du etter det første knappetrykket drar peikaren nedover eller til høgre, vil området bli større. Drar du peikaren oppover eller til venstre, vil området bli redusert. Du har såleis eigentleg ikkje bruk for denne brytaren til anna enn eventuelt å minske avstanden du må flytta peikaren.