Dette filteret lagar fleire kopiar av originalbiletet og legg desse inn i biletet i staden for originalen. Du kan velja storleik på kopiane. Det nye biletet vert eventuelt gjort større for å gje plass til flisene. Du kan velja å leggja flisene inn i originalbiletet eller å laga eit nytt bilete.
Flislegg til nytt format
Her skriv du inn kor stort det ferdige biletet skal verta . Normalt er verdiane lenkja saman. Du kan bryte lenkja og setja verdiane uavhengige av kvarandre. Det er også råd å velja andre måleeiningar enn pikslar, om det er ønskjeleg.
Det nye biletet må vera større enn originalbiletet elles vil filteret berre laga ein kopi av biletet. Dersom dei nye verdiane ikkje er multiplar av («går opp i») dei opphavlege verdiane, vert nokre av flisene avskorne.
Det kan vera lurt å kryssa av for denne slik at du slepp å forandra originalbiletet.