Filtera i denne kategorien brukar eit mønsterkart for å gjera endringar i eit bilete. Dette vert gjort ved å avbilda kartet i biletet på ulike måtar. Du kan mellom anna laga mange ulike 3D-effektar ved hjelp av eit mønstra kart (filteret «avbilding») eller overføra biletet til ei kule (filteret «avbild på objekt»). Det er også råd å bøya ein tekst langs ei kurve ved hjelp av filteret «forskyv» eller å bruka ein del av biletet som biletkart for ein annan del av biletet med filtera «illusjon» og «lag saumlause» og meir.