Dette filteret overfører eit bilete til eit objekt. Objektet kan vera eit plan, ei kule, ein boks eller ein sylinder.
I dette filteret har førehandsvisinga fleire funksjonar:
Trykk på denne knappen dersom funksjonen du arbeider med ikkje har automatisk oppdatering av førehandsvisinga.
Når musepeikaren er i området for førehandsvising, vil han få form av ei hand. Denne handa kan du i nokre av innstillingane for filteret bruka for å flytta rundt på det blå punktet som markerar posisjonen for lyskjelda. Dette punktet er berre synleg innføre førehandsvisinga.
Vert brukte til å forstørra eller forminska førehandsvisinga. Bruksområdet er nokså avgrensa, men kan vera nyttig ved store bilete.
Legg eit rutenett over førehandsvisinga. Dette kan vera til hjelp for å plassera effektane meir nøyaktig. Mest nyttig på Plan.
Å ha førehandsvisinga til å verka som vanleg.
Denne nedtrekksmenyen inneheld dei objekta det er råd å avbilda på. Du har valet mellom Plan, Kule, Boks eller Sylinder.
Den delen av biletet som ikkje vert berørt av objektet vert gjennomsiktig.
Når du avbilder på eit plan og flyttar dette rundt i biletet, vert delar av biletet utan pikslar. Dersom det er merkt av for Kjeldebiletet som bakgrunn, vert desse tomme plassane fylte opp med kopiar frå originalbiletet.
Notat | |
---|---|
Denne funksjonen verkar berre på objektet «Plan». |
Dersom det er avmerkt for denne funksjonen, vert det laga ein kopi av originalbiletet. Filteret vil arbeida på denne kopien utan å endra originalen.
Dersom det oppstår «trappetrinn» langs kantane i biletet, kan du prøva å forbetra resultatet ved å aktivera denne funksjonen. (Sjå eventuelt i ordlista under Kantutjamning.) Funksjonen har to innstillingar:
Dess høgare tal dess meir omfattande vert kantutjamninga, men tar også meir tid.
Definerer omfanget av utjamninga. Prosessen stoppar når skilnaden i pikselverdiane vert mindre enn grenseverdien.
Denne nedtrekkslista gjev deg valet mellom Punktlys, Retningsbestemt lys og Ikkje lys.
Klikk på denne knappen for å opna dialogvindauget for fargeval.
Dersom «punktlys» er vald, kan du setja x-, y- og z-koordinata her i staden for å flytta rundt på det blå punktet.
Dersom «retningsbestemt lys» er vald, vil x-, y- og z-parametera kontrollera «Retningsvektorane». Effekten er lite synleg.
Intensiteten på fargen frå originalbiletet som vert vist i område på objektet utan direktelys frå ei lyskjelde.
Intensiteten på originalfargen når han vert opplyst av ei lyskjelde.
Høgare verdiar gjer at det vert reflektert meir lys slik at området ser lysare ut.
Kontrollerar intensiteten til høglysa.
Bestemmer kor mykje fokusert høglysa skal vera. Dess høgare verdi dess meir glans i høglysa.
Desse tre glidebrytarane vert brukte for å plassera objektet i biletet. X, Y og Z er koordinata i eit tredimensjonalt koordinatsystem.
Desse tre glidebrytarane vert brukte for å rotere objektet rundt aksane X, Y og Z.
Denne fana er berre synleg når du har vald å avbilda på objektet «Boks».
For kvar av bokssidene er det ein nedtrekksmeny som inneheld namna på alle dei bileta du hadde på skjermen då filteret vart opna. Du kan velja kva for bilete som skal brukast på kvar av dei seks sidene til boksen.
Desse glidebrytarane vert brukte for å skalere boksen i alle tre retningane x, y og z.
Denne fana er berre synleg når du har vald å avbilda på objektet «Sylinder».
For kvar av endeflatene er det ein nedtrekksmeny som inneheld namna på alle bileta du hadde på skjermen då filteret vart opna. Du kan velja kva for bilete som skal brukast på topp- og botnflata i sylinderen.
Her bestemmer du radius for sylinderen. Diverre verkar dette på biletet som skal leggast på sylinderen og ikkje på sylinderen. Vonleg vert dette forandra slik at det er råd å bestemma storleiken på sylinderen og deretter leggja på biletet.
Her bestemmer du lengda for sylinderen.