13.11. Fraktalspor (tradisjonell)

13.11.1. Oversyn

Figur 17.314. Fraktalspor (tradisjonell)

Fraktalspor (tradisjonell)

Originalbiletet

Fraktalspor (tradisjonell)

Filteret «Fraktalspor» brukt


Dette filteret omformar biletet ved å avbilda det på eit kart med mandelbrot-fraktalar.

13.11.2. Aktivering

Du finn dette filteret i menyen på biletvindauget under Filter → Kart → Fraktalspor (tradisjonell)….

13.11.3. Innstillingar

Figur 17.315. Innstillingane for filteret «Fraktalspor (tradisjonell)»

Innstillingane for filteret «Fraktalspor (tradisjonell)»

Mandelbrotparametra

X1, X2, Y1, Y2, Djupn

Desse parametra er nokolunde det same som parametra X/YMIN, X/YMAX og ITER i filteret Fraktalutforskaren.

Rammehandtering

Avbildinga til fraktalen kan føra til at delar av biletet vert utan pikslar. Her bestemmer du kva som skal gjerast med desse områda. Du kan velja å fylla desse ledige områda med Svart, Kvit, Gjennomsikt eller la det som forsvinn på ei side dukka opp på motsett side ved å aktivisera for Linjebryting.