14.3. Fraktalutforskaren

14.3.1. Oversyn

Figur 17.328. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av «Fraktalutforskaren»


Dette filteret vert brukt for å laga fraktalar og fleirfarga bilete på grensa til kaos. I dette filteret kan du henta eksempel som lett kan endrast frå ei samling. I motsetnad til filteretIFS-fraktal, som kan redigere fraktalane nøyaktig, er dette filteret enklare i bruk. (Fraktalar er geometriske figurar som vert laga ut frå kompliserte matematiske likningar. Resultatet kan minna om krystalliseringsmønster eller levande planter).

14.3.2. Opna fraktalutforskaren

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterTeikningarFraktalarFraktalutforskar….

14.3.3. Innstillingar

Figur 17.329. Innstillingane for filteret «Fraktalutforskaren» (Filter)

Innstillingane for filteret «Fraktalutforskaren» (Filter)

Vindauget til fraktalutforskaren er delt i to hovuddelar med førehandsvisinga og nokre knappar til venstre, og til høgre hovudinnstillingane i ulike faner: Parametrar, Fargar og Fraktalar.

14.3.3.1. Førehandsvising
Førehandsvising i sanntid

Dersom datamaskinen din arbeider svært sakte, kan du fjerna markeringa for Førehandsvising i sanntid og i staden trykkja Teikna på nytt når du ønskjer å sjå resultatet.

Ved å klikka og dra med musepeikaren på førehandsvisinga, kan du laga eit rektangel som avgrensar det området som forstørrings- og forminskings-knappane verkar på.

Zoom

Med desse knappane kan du forstørra og forminska førehandsvisinga. Knappen Angra tek deg tilbake til det førre stadiumet medan Gjenta angrar den siste angringa.

14.3.3.2. Parametra

Denne fana inneheld ein del innstillingar som vert brukte i utrekninga av fraktalen, og kva fraktaltype som skal brukast.

Fraktalparametra

Dei ulike parameterane for spreiing, repetisjon og aspekt vert sette ved hjelp av glidebrytarar.

Venstre, Høgre, Topp, Botn

Her bestemmer du maksimums- og minimumsgrensene for spreiinga på fraktalen horisontalt (X) og/eller vertikalt (Y). Verdiane går frå -3,0 til 3,0.

Iterasjonar

Her bestemmer du på ein skala frå 0,0 til 1 000,0 gjentakingane, repeteringane og liknande

CX, CY

Desse to glidebrytarane vert brukte for å bestemma aspektet (utbreiinga) for fraktalen horisontalt (X) og vertikalt (Y). Desse parametra verkar ikkje på fraktalar av typen Mandelbrot og Sierpinkski.

Opna, Nullstill, Lagra

Desse knappane vert brukte på vanleg måte for å lagra fraktalen med alle innstillingane eller hente fram ein tidlegare lagra fraktal. Knappen Nullstill vil setje alle parametra tilbake til utgangsstillinga.

Fraktaltype

Her kan du velja kva for fraktaltype du skal laga. Du kan velja mellom Mandelbrot, Julia, Barnsley 1, 2 eller 3, Spider, Man 'o'war, Lambda eller Sierpinski.

14.3.3.3. Fargar

Figur 17.330. Innstillingane for filteret «Fraktalutforskaren» (Fargar)

Innstillingane for filteret «Fraktalutforskaren» (Fargar)

I denne fanen finn du innstillingane som bestemmer fargane i fraktalen.

Talet på fargar

Talet på fargar

Denne glidebrytaren og innskrivingsboksane nedanfor vert brukte for å bestemma kor mange fargar fraktalen skal innehalda, frå 2 til 8192. Nedst i vindauget kan du sjå den valde paletten. Eigentleg er dette ein fargeovergang mellom fraktalfargane. Du kan endra fargane med innstillingane for Fargedekning og Fargefunksjon. Fargane i fraktalen vert berre bestemt i denne fana, og er uavhengige av fargane i originalbiletet. Du kan endåtil bruka eit kvitt bilete som utgangspunkt.

Bruk loglog utglatting

Dersom det vert uønskte striper i fraktalen, kan du fjerne desse ved å aktivere denne kontrollen som lager mjukare fargeovergangar.

Figur 17.331. Eksempel på loglog-utglatting

Eksempel på loglog-utglatting

Fargedekning

Raud, Grøn, Blå

Med desse glidebrytarane kan du på ein skala frå 0,0 til 1,0 bestemme fargemengda for kvar av fargekanalane.

Fargefunksjon

Du kan her bestemma korleis fargane for kvar av fargekanalane Raud, Grøn og Blå skal behandlast. Vala er:

Sinus

Fargane vert modulerte etter ein sinusfunksjon.

Kosinus

Fargetettleiken vert modulerte etter ein kosinusfunksjon.

Ingen

Fargtettleiken vil variere lineært.

Inversjon

Gjer at funksjonsverdiane vert inverterte.

Fargemodus

Her bestemmer du kvar fargeverdiane skal hentast frå.

Som spesifisert ovanfor

Fargeverdiane vert henta frå innstillingane i Fargedekning.

Legg aktiv fargeovergang til det ferdige biletet

Fargane vert henta frå den aktive fargeovergangen. Du kan velja ein ny overgang ved å klikka på knappen som viser den gjeldande fargeovergangen.

14.3.3.4. Fraktalar

Figur 17.332. «Fraktalutforskaren»

«Fraktalutforskaren»

I denne fana finn du ei lang liste over ferdigdefinerte fraktalar. Du kan bruka desse som dei er, eller du kan gjera dine eigne forandringar. Vel ønskt fraktal ved å klikka på han eller ved å klikka på namnet og deretter på Bruk.

Dersom du har lagra dine eigne fraktalar, kan du trykkja knappen Oppfrisk for å oppdatera lista (sjaå fana parameterar). Du kan fjerna ein fraktal frå lista ved å trykkja på knappen Slett.