Dette filteret er kongen blandt teksturfiltra. Det er svært effektivt, men diverre også svært komplekst. «CML» står for det engelsk «Coupled-Map Lattice» («samankopla avbildingsgitter»). Den matematisk metoden som ligg til grunn for filteret vert kalla «Cellular Automaton» (fleirtal: «Cellular Automata»). For å lære meir om denne matematikken, kan du gå inn på Wikipedia på [WKPD-CA] (engelsk).
Du har tilgang til dette filteret frå menyen i biletvindauget via
→ → → .Dei ulike filterinnstillingane er fordelte mellom fanene Kulør,Metning, Verdi, Utvida, Andre og Ymse instillingar. Desse innstillingane vert forklarte etter kvart.
Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane vert ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen
.Slump er ein avgjerande faktor når det skal lagast mønster. I matematikken finst det faktisk ingen metodar for å laga heilt tilfeldige talrekker på. «Tilfeldige tal» er alltid eit resultat av diverse matematiske formlar. Desse formlane har alltid eit tal som utgangspunkt. Dette er «frøet». Når du klikkar på knappen
, vil slumpgeneratoren byrje på ein heilt ny sekvens med eit nytt frø. Resultatet kjem fram i førehandsvisinga. Knappen gjer at generatoren bruker det same startfrøet heile tida, og dermed lager det same mønsteret kvar gong. Eit trykk på knappen vil generere eit nytt, tilfeldig frø.Med desse kommandoane kan du lagra innstillingane for eit mønster og hente det fram att seinare.
I denne fanen set du innstillingane for kulør ut frå fargemodellen HSV som dette filteret arbeider i.
Dette er ei nedtrekksliste med ulike metodar for behandling av det aktive laget:
Verdiane i biletet for kulør vert uendra.
Startfargen vil vere cyanblå (den første fargen i HSV-modellen).
Mønsteret vil vere avhengig av verdien k
som kjem seinare i lista.
Sjå «Fyll med k-parameter» ovanfor.
(Beskriving manglar)
Desse funksjonane lager bølgjemønster noko liknande nordlys eller gardinfolder.
Desse vala styrer kuløren. For å beskriva kva alle desse formlane gjer, trengst det ei eiga bok. Det er enklare å prøva dei ut på eige hand
Også i dette tilfellet vil det vere nødvendig med ei eiga bok for å beskriva alle funksjonane. Prøv deg fram i staden.
(Beskriving manglar)
Denne glidebrytaren styrer kor mykje filteret skal påverka biletet. Låge verdiar gir linjeformer medan høgare verdiar gir eit avrunda mønster.
Verdi er frå 0,0 til 1,0
Kor langt skal fargane spreie seg. I praksis: Du påverkar retning og storleik for mønsteret.
Du kan her, på ein skala frå 1 til 10, bestemma kor komplekst mønsteret skal verta.
Talet her er p
som vert brukt i nokre av formlane i Funksjonstype. Skalaen går frå 0,0 til 10,0.
Talet her er k
som vert brukt i nokre av formlane i Funksjonstype. Skalaen går frå 0,0 til 10,0.
Set den lågaste verdien for kulør som skal brukast i utrekningane. Skala frå 0,0 til 1,0.
Set den høgaste verdien for kulør som skal brukast i utrekningane. Skala frå 0,0 til 1,0.
Klikkar du på denne knappen, kjem det opp eit vindauge som viser funksjonsgrafen for dei aktuelle kulørinnstillingane.
I denne fanen finn du ein del kontrollar som styrer korleis metningsdelen av HSV-modellen skal brukast i mønsteret.
Alle innstillingane er omtalte i avsnittet om fanen Kulør. Sjå ovanfor.
I denne fanen finn du ein del kontrollar som styrer korleis verdidelen av HSV-modellen skal brukast i mønsteret.
Alle innstillingane er omtalte i avsnittet om fanen Kulør. Sjå ovanfor.
Innstillingane i denne fanen gjeld for alle tre HSV-kanalane.
(Beskriving manglar)
(Beskriving manglar)
(Beskriving manglar)
I denne fanen finn du ein del innstillingar som gjeld førehandsvisinga og startverdiar for slumpgeneratoren.
(Beskriving manglar)
(Beskriving manglar)
(Beskriving manglar)
(Beskriving manglar)
I denne fanen kan du kopiere innstillingar frå ein kanal til ein annan, og bestemme opningsinnstillingane.
Her kan du kopiere innstillingane frå ein kanal (kulør, metning og verdi) til ein annan kanal.
Når du trykker knappen
, kan du hente inn tidlegare lagra innstillingar. Dersom du ikkje ønskjer å laste ned alle innstillingane, kan du spesifisera ein kjelde- og ein målkanal her.