14.19. Sjakkbrett (tradisjonelt)

14.19.1. Oversyn

Figur 17.365. Eksempel på bruk av filteret «Sjakkbrett (tradisjonelt)»

Eksempel på bruk av filteret «Sjakkbrett (tradisjonelt)»

Filteret «Sjakkbrett (tradisjonelt)» brukt

Eksempel på bruk av filteret «Sjakkbrett (tradisjonelt)»

Psychobilly «Sjakkbrett (tradisjonelt)»


Dette filteret bytter ut innhaldet i det aktive laget med eit sjakkbrettmønster med fargane frå for- og bakgrunn i verktøykassa.

14.19.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå menyen i biletvindauget via FilterTeikningarMønsterelementSjakkbrett (tradisjonell).

14.19.3. Innstillingar

Figur 17.366. Innstillingane for filteret «Sjakkbrett (tradisjonell)»

Innstillingane for filteret «Sjakkbrett (tradisjonell)»

Storleik

Her bestemmer du kor store rutene skal vere. Måleeininga er normal pikslar, men du kan du velje andre etter behov.

Psykobilly

Dersom denne er aktivert, vil sjakkbrettet få ein ekstra kuledimensjon som kan minne om sofaputer. Forma på kulene er avhengig av kor store sjakkrutene er.