14.18. Spiral

14.18.1. Oversyn

Figur 17.363. Eksempel på bruk av spiralfilteret

Eksempel på bruk av spiralfilteret

Filteret «Spiral» brukt


Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterTeikningarMønsterelementSpiral….

Med spiralfilteret kan du laga spiralmønster i to ulike fargar. I tillegg til å velja fargar, kan du også setja ein del andre parameterar for å kontrollera utsjånaden til spiralen.

Resultatbiletet er uavhengig av det opne biletet.

14.18.2. Innstillingar

Figur 17.364. Innstillingane for filteret «Spiral»

Innstillingane for filteret «Spiral»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Type

Spiralmønstertype. Du kan velja mellom Lineær, der spiralen har den same breidda heile vegen, og Logaritmisk, der spiralen byrjar som liten i midten og veks utover mot kantane.

X, Y

Forskyvinga av startpunktet for spiralmønsteret.

Radius

Spiralradiusen kontrollerar storleiken på spiralane.

Balanse

Områdebalanse mellom to fargar

Roterering

Roteringsvinkelen for spiralen.

Retning

Retninga på spiralen kan vera anten Med klokka eller Mot klokka.

Farge 1, farge 2

Her bestemmer du dei to fargane spiralen er sett saman av.

Kontrollelement på lerretet

Viss det er merkt av for denne, som er standard, kan du kontrollera Radius, Balanse og Rotering med kontrollelementa øvst i biletet.