9. Å endra penselstorleiken

Frå GIMP 2.4 kan storleiken varierast for alle penslane.

9.1. Korleis endra penselstorleiken

Du kan endra penselstorleiken på fleire måtar:

  1. Ved hjelp av glidebrytaren Storleik i verktøyinnstillingane. Blyant, målarpensel, viskeler, luftpensel, kloning, helbred, perspektivkloning, slør/skjerp og avskygging/etterbelysing har glidebrytarar der du kan setja breidda på penselen..

    Figur 7.20. Glidebrytaren for storleik

    Glidebrytaren for storleik

  2. Ved å bruka standard snarvegstastar for å endra biletstorleiken:

    • Minska storleiken med 1: [

    • Auka storleiken med 1: ]

    • Minska storleiken med 10: {

    • Auka storleiken med 10: }

  3. Ved å bruka standard musehjulhandling for å endra verktøystorleiken:

    • Minska storleiken med 1: Ctrl+Alt+Rullehjul ned

    • Auka storleiken med 1: Ctrl+Alt+Rullehjul opp

  4. Ved å programmera musehjulet:

    1. Klikk på RedigerBrukarinnstillingar i hovudmenyen.

    2. I den venstre kolonna i vindauget som kjem fram klikkar du på InndataeiningarInndatakontrollar.

    3. Her finn du vindauget Ekstra inndatakontrollar med kolonnene Tilgjengelege kontrollar og Aktive kontrollar.

      Dobbeltlikk på Main Mouse Wheel i Aktive kontrollar.

    4. Dette vil opna vindauget Innstillingar for inndatakontrollaren.

      I den venstre kolonnen Hendingar klikkar du på Rull opp for å markera denne.

    5. Klikk på knappen Rediger nedst i lista.

    6. Vindauget Vel handling for hendinga kjem fram.

      Klikk på symbolet framføre Verktøy for å opna verktøymenyen.

    7. Klikk på Increase Brush Scale i den venstre kolonnen Handling for å markera denne. Klikk deretter på knappen OK.

    8. Handlinga tools-paint-brush-scale-increase er lagt til hendinga Scroll Up.

    9. Lukk vindauget.

    10. Bruk den same framgangsmåten for å programmera Scroll Down med Decrease Brush Scale.

    11. Ikkje gløym å trykkja på OK-knappen i hovudvindauget for brukarinnstillingane.

    Har du følgd denne noko lange forklaringa, kan du no bruka musehjulet for å variera penselbreidda. Dette kan du lett prøva ut ved å velja eit av teikneverktøya. Du vil sjå at penselbreidda forandrar seg etter som du rullar musehjulet opp eller ned.

  5. Har du behov for det, kan du også programmere tastane «Pil opp» og «Pil ned».

    Måten du gjer det på er nokså lik den vi brukte på musehjulet. Dei einaste skilnadane er:

    • I kolonna Aktive kontrollarar klikkar du på Main Keyboard.

    • I kolonna Hendingar klikkar du på Cursor Up for den første tasten og Cursor Down for den andre.

    • Nå vil dei to tastane gjera det same som når du rullar musehjulet.