8. Dialog for mønsterpensel

Når den nye mønsterpenselen er ferdig, vert han vist i biletvindauget. Du kan då lagra han i .gih-format ved å velje FilEksporter … i biletmenyen. Gi penselen filutvidinga .gih og trykk knappen Eksporter. Du vil då få opp dette vindauget:

Figur 7.18. Dialogvindauget for mønsterpenselen

Dialogvindauget for mønsterpenselen

Dette vindauget dukkar opp når du lagrar eit bilete som mønsterpensel


Ved hjelp av denne kanskje noko uforståelege dialogen, kan du bestemma ein del av animasjonseigenskapane til penselen.

Avstand (Prosent)

«Avstand» er avstanden mellom penselavtrykka når du stryk penselen bortover underlaget. Du må tenke at å teikne med ein pensel er å avsette stempelavtrykk bortover teikneflata. Dersom avstanden mellom avtrykka er liten, kjem dei nærme kvarandre. Stroket ser ut som om det er samanhengande. Er avstanden stor nok, vert kvart avtrykk ståande for seg sjølv. Dette kan vere av interesse når du nyttar fargepenslar, som t.d. «pepper». Verdiane i dette valet kan variera frå 1 til 200. Verdien er eigentleg prosent av penseldiameteren der diameteren er sett til 100 (%).

Penselnamn

Dette er det penselnamnet som kjem opp i penselmenyen.

Cellestorleik

Dette er storleiken på cellene du vil dele opp i lag. Normalinnstillinga er ei celle for kvart lag med same storleik som laget. Det er altså berre eitt penselmønster i kvart lag.

Det er også mogleg å ha eitt stort lag og dele dette opp i dei cellene som vert brukte for dei ulike figurane i mønsterpenselen.

For eksempel, dersom vi ønskjer ein pensel på 100 × 100 pikslar med 8 ulike enkeltbilete, kan vi ta desse 8 enkeltbileta frå eit lag på 400 x 200 pikslar eller frå eit lag på 300 × 300 pikslar, men då med ei ubrukt celle.

Talet på celler

Dette er kor mange celler, ei for kvart enkeltbilete, som vert tatt ut frå kvart lag. Førehandsinnstillinga er det same som talet på lag, sidan det er eitt bilete per lag.

Vis som

Dette viserl korleis cellene er arrangert i laga. Dersom du har fire lag med to celler i kvart av laga, vert dette vist som 1 rad(er) med 2 kolonne(r) i kvart lag.

Dimension, nivå, markering

Dette er ikkje heilt enkelt, så det kan kanskje vere nødvendig med ei forklaring på korleis ein skal arrangere celler og lag.

GIMP byrjar med å hente celler frå kvart lag og lagrar dei i ein FIFO-stabel. (FIFO er eit vanleg IKT-uttrykk, og kjem av «First In First Out», altså at det som først vart lagt inn i stabelen kjem først ut igjen. I eksemplet vårt med 4 lag med 2 celler i kvart lag, vil stabelen bli, frå topp til botn, første celle i det første laget, andre celle i det første laget, første celle i det andre laget, andre celle i det andre laget ... første celle i det fjerde laget, andre celle i det fjerde laget. Du kan sjå denne stabelen i lagdialogen for .gih-fila.

Når dette er gjort, lager GIMP ein tabell med Dimensjonen du har sett for biletet. Ein slik tabell kan ha opp til fire dimensjonar.

I dataverda vert ein tredimensjonal tabell (3D-tabell) definert som «tabellen(x,y,z)». Ein todimensjonal tabell som «tabellen(x,y)». Det er nokså enkelt å førestilla seg at ein 2D-tabell er sett saman av kolonner og rader.

Det vert litt verre med den tredimensjonale tabellen. Her snakkar vi ikkje om rader og kolonnar, men om dimensjonar og nivå. Den første dimensjonen er langs x-aksen, den andre er langs y-aksen og den tredje langs z-aksen. Kvar dimensjon har nivå med celler.

GIMP byrjar med å henta celler frå toppen av stabelen. Først alle på høgresida av gruppa, deretter dei på venstre sida. Dersom du har vore borte i programmering, hugsar du kanskje at tabell(4,2,2) vert fylt opp, eller tømt, slik: (1,1,1), (1,1,2), (1,2,1), (1,2,2), (2,1,1), (2,1,2), (2,2,2), (3,1,1).... (4,2,2). Du vil sjå eksempel på dette seinare.

Utanom rangeringsnummeret du kan gi kvar dimensjon i tabellen kan du også gi dei eit utvalsmodus. I GIMP kan du velje mellom fleire slike (Nedtrekkslista er ikkje tilgjengeleg for omsetting, difor engelske namn):

Aukande

GIMP vel eit område frå den aktuelle dimensjonen i høve til plasseringa i dimensjonen.

Tilfeldig

GIMP vel frå eit tilfeldig område i dimensjonen.

Vinkla

GIMP vel eit område frå den aktuelle dimensjonen i høve til kva retning penselen flyttar seg.

Det første området er for ein vinkel på 0º, dvs. rett oppover. Dei andre områda vert sett til ein vinkel som er 360° / (talet på område), og vert tald med klokka. Dersom du har fire område i den aktuelle dimensjonen i tabellen din, vil altså vinkelen flytte seg 90º med klokka for kvar retningsendring. Område 2 vil gjelde for 90º (mot høgre), det tredje område til 180º (rett nedover) og det fjerde område til 270° (-90°) (mot venstre). [2]

Fart, trykk, x-helling, y-helling

Desse innstillingane er for sofistikerte teiknebrett.

Eksempel

Ein eindimensjonal mønsterpensel

Kva kan alt dette brukast til? Vi vil vise dette gjennom ei eksempelrekke. I kvar dimensjon kan du gi penslane dine bestemte eigenskapar som fører til bestemte resultat.

La oss byrje med ein 1D-pensel som gir oss høve til å sjå nærare på kva utvalsmodus kan brukast til. Tenk deg noko som dette:

Vi tar det steg for steg:

  1. Opna eit nytt 30 × 30 pikslar bilete som RGB med gjennomsiktig fylltype. Bruk tekstverktøyet og opprett fire lag, «1», «2», «3» og «4». Fjern bakgrunnslaget.

  2. Lagra biletet først i .xcf-format for å behalde bileteigenskapane, og eksporter det deretter som .gih-fil.

  3. Når du lagrar biletet som mønsterpensel, kjem dialogvindauget «Eksporter som mønsterpensel» opp. Her set du avstand til 100. Gi biletet eit høveleg namn i beskrivingsruta (eg kalla det «talpensel»). Kontroller at cellestorleiken er 30 × 30, dimensjon = 1 og rangering = 4. Vel «Incremental» (Stigande) i utvalsboksen. Klikk deretter «Eksporter».

  4. Dersom det skulle vere problematisk å lagre direkte i GIMP si penselmappe, kan du lagre .gih-fila manuelt i mappa /usr/share/gimp/gimp 2.0/brushes. Gå deretter inn på penselikonet i verktøykassa og opna penseldialogen. Der klikkar du på Oppdater penslane (). Dermed skulle den nye penselen dukka opp i vindauget som syner utvalet av penselmønster. Klikk på den nye penselen din, vel t.d. å teikna med blyant, og bruk den nye reiskapen på eit nytt bilete:

    Du kan sjå tala 1, 2, 3 og 4 i normal rekkefølgje.

  5. Gå tilbake til .xcf-biletet og lagre det på nytt som .gih-fil. Denne gongen set du utvalet til "Random" («Tilfeldig»):

    Tala vert viste i tilfeldig rekkefølgje.

  6. Vel «vinkla» utval:

Ein tredimensjonal mønsterpensel

I denne tredimensjonale mønsterpenselen vil avtrykket variera etter kva retning penselstroket går. Avtrykket vil alternere regelmessig mellom høgre og venstre, medan fargen vil skifte tilfeldig mellom svart og blå.

Det første spørsmålet vert kor mange bilete er nødvendige for denne jobben. Vi reserverer den første dimensjonen (x) til penselretningen (4 retningar). Den andre dimensjonen (y) er avsett for vekslinga mellom høgre og venstre, og den tredje dimensjonen (z) gjeld fargevariasjonane. Ein slik pensel er representert i 3D-tabellen «min_tabell(4,2,2)»:

Det er 4 rangeringar (nivå) i første dimensjon (x), 2 i andre dimensjon (y) og 2 i tredje dimensjon (z). Dette vert til saman (4 × 2 × 2 = 16) celler. Vi treng altså 16 bilete.

  1. Å lage bilete for dimensjon 1 (x)

    Opna eit nytt RGB-bilete på 30 × 30 pixel med fylltype gjennomsiktig. Teikna ei venstrehand med fingrane oppover. (Enklast dersom du forstørrer biletet).[3] Lagre dette som handV0s.xcf (hand, Venstre O°, Svart).

    Opna Lagmenyen. Dobbeltklikk på laget for å opna Lagdialogboksen og endra namnet på laget til handV0s.

    Kopier laget. La berre det nye laget vere synleg, marker det, og roter det 90° mot klokka. (Lag -> Omform -> 90° mot klokka). Endre namnet på laget til «handV-90s».

    Repeter dei same operasjonane og lag «handV180s» og «handV-90s» (eller «handV270s»).

  2. Å lage bilete for dimensjon 2 (y)

    Lage bilete til dimensjon 2 (y):: Denne dimensjonen har i dette eksemplet to rangeringar (område), eit for venstre og eit for høgre. Det venstre området har vi alt. Det høgre området lagar vi ved å snu biletet horisontalt.

    Kopier handV0s-laget. La berre kopien vere synleg og marker denne. Endre namnet til «handH0s». Gå til Lag -> Omform -> Bytt horisontalt.

    Repeter dette på det andre venstrelaget for å laga høgreekvivalenten.

    Stokk om rekkefølgja på laga slik at du får ein rotasjon mot klokka frå topp til botn, alternerande mellom høgre og venstre: handV0s, handH0s, handV-90s, handH-90s, …, handH90s.

  3. Å lage bilete for dimensjon 3 (z)

    Lage bilete til dimensjon 3 (z): Også den tredje dimensjonen har to område, eit for svart og eit for blå farge. Det første området, svart, har vi alt. Bileta i dimensjon 3 er kopi av bileta i dimensjon 2, men i blåfarge. Dermed har vi dei 16 bileta vi treng. Problemet er at det er vanskeleg å handtera ei rad med 16 lag. Vi bruker derfor lag med to bilete i kvart lag.

    Marker handV0s-laget og la berre dette laget vere synleg. Bruk Bilet -> Storleik på lerretet og endre teikneflata til 60 × 30 piksel.

    Kopier handV0s-laget. Bruk Fyll-verktøyet og fyll handa på kopien med blåfarge.

    Vel Flytte-verktøyet. Dobbeltklikk på det og aktiver «Flytt dette laget». Flytt den blå handa over til høgresida. Det vil forenkle arbeidet dersom du forstørrer biletet på førehand.

    Forsikra deg om at berre handV0s og kopien av denne er synlege. Høgreklikk på Lagdialogen og klikk på «Flett saman synlege lag» og deretter på «Utvid om nødvendig». Du skal nå få eit 60 x 30 piksel biletlag med den svarte handa til venstre og den blå handa til høgre. Endre namnet på det nye laget til «handV0».

    Gjer det same med dei andre laga.

  4. Sorter laga

    Laga må vere sorterte i rett rekkefølgje slik at GIMP kan plukke ut det rette laget når penselen vert brukt. Rett nok er laga i eksemplet alt i rekkefølgje, men det er nokså viktig å forstå systemet i dette. Det er to måtar å oppfatte denne sorteringa. Den første er matematisk: GIMP dividerer dei 16 laga først med 4. Dette gir 4 grupper med 4 lag for den første dimensjonen. Kvar gruppe representerer retningen for penselen. Deretter vert kvar gruppe dividert med 2. Dette gir 8 grupper med 2 lag for den andre dimensjonen. Kvar av desse gruppene representerer høgre/venstre-vekslinga. Så endeleg vert alt dividert med 2 ein gong til. Dette styrer den tilfeldige vekslinga mellom svart og blått.

    Den andre metoden er visuell og bruker tabellrepresentasjon. Korrelasjonen mellom dei to metodane vert vist på neste bilete:

    Korleis GIMP les tabellen: GIMP byrjar med den første dimensjonen som er programmert for «vinklar», for eksempel 90°. I dette 90°-området, her vist i gult, vert høgre/venstre-vekslinga i den andre dimensjonen vald på ein «aukande» måte. Endeleg, i den tredje dimensjonen, vert det vald ut ein tilfeldig farge. Biletlaga må difor vere i denne rekkefølgja:

  5. Voilà. Du har laga ein aktiv pensel! Lagra penselen (om du ikkje har gjort det for lenge sidan) som .xcf-fil og eksporter deretter som .gih-fil med følgjande parametrar:

    • Avstand: 100

    • Beskriving: Hender

    • Cellestorleik: 30 × 30

    • Talet på celler: 16

    • Dimensjon: 3

      • Dimensjon 1: Rangering: 4 Val: Angular

      • Dimensjon 2: Rangering: 2 Val:: Incremental

      • Dimensjon 3: Rangering: 2 Val:: Random

    Eksporter .gih-fila til GIMP si penselmappe, oppdater penslane (eller start GIMP på nytt) og penselen er klar for bruk.

    Figur 7.19. Her er penselen brukt for å streke opp eit elliptisk utval:

    Her er penselen brukt for å streke opp eit elliptisk utval:

    Denne penselen vekslar regelmessig mellom høgre og venstre hand. Fargane vekslar tilfeldig i høve til dei fire penselretningane.




[2] For eldre versjonar av GIMP må du kan hende bytte ut «med klokka» med «mot klokka».

[3] Ok, vi bløffer litt her. Hendene er lånt frå http://commons.wikimedia.org/wiki/File:Stop_hand.png.