To raske måtar å laga nye penslar på:
Først den superraske måten. Vel det området av biletet du vil laga pensel av ved å markera det med rektangel- eller ellipse-verktøyet. Kopier dette utvalet ved å trykkja på knappen
. Du skal no kunna finna denne kopien i øvre, venstre hjørne i penseldialogvindauget under namnet «Utklippstavle». Denne kopien kan du no bruka som pensel.Denne penselen er mellombels: han forsvinn når du lukkar GIMP. Med GIMP-2.10 kan du gjera han permanent ved å klikka på
nedst i penselpanelet.Den andre måten er litt vanskelegare.
Opprett eit nytt bilete med kommandoen Fargemodell til Gråtoner og Fyll med til Kvit.
→ med for eksempel høgd og breidd sett til 35 pikslar. I avanserte innstillingane kan du for eksempel setjaForstørr visinga av biletet og bruk ein svart blyant for å laga ei teikning på biletet.
Lagra det med filutvidinga .gbr i mappa /home/brukarnamn/config/GIMP-2.10/brushes/.
Klikk på knappen Oppdater penslane () i penseldialogen.
Du vil no sjå at penselen din dukkar opp saman med dei andre penslane i GIMP, klar til bruk, utan å starta GIMP på nytt.