Notat | |
---|---|
Det er ein rask måte å leggja til nye penslar på: Del 9.2, «Pensel i ei snarvending». |
For at GIMP skal kunna bruka dei nye penslane må dei vera i eit filformat som GIMP forstår, og i ei mappe der GIMP kan finna dei. Etter at du har lagra penslane, må du oppdatera penseldialogen, eller starta GIMP på nytt, for å gjera penslane synlege i penseldialogen. I GIMP er det tre filformat som vert brukte til penslar:
Formatet .gbr
(«gimp brush») vert brukt for vanlege penslar og for fargepenslar. Du kan konvertera mange biletformat og penslar frå andre program om til penslar i GIMP ved å opna dei som bilete i GIMP og deretter eksportera dei med filendinga .gbr
. Når du gjer dette, får du opp eit dialogvindauge der du kan bestemma avstanden mellom penselavtrykka og kva penselen skal heite. Ei meir utførleg beskriving av GBR-formatet kan du finna i fila gbr.txt
i mappa devel-docs
som skal følje med kjeldedistribueringa av GIMP.
Formatet .gih
(«Gimp Image Hose») vert brukt for mønsterpenslane. Desse vert laga frå bilete med mange lag. Kvart lag kan innehalda fleire penselformer arrangert i eit rutenett. Når du eksporterer eit bilete som .gih
-fil, kjem det opp eit dialogvindauge der du kan bestemma ein del verdiar for penselen. Sjå nærare om dette i GIH dialogen. GIH-formater er relativt komplisert. Du kan finna ei meir utførleg beskriving av GBR-formatet i fila gbr.txt
i mappa devel-docs
som skal følje med kjeldedistribueringa av GIMP.
Formatet .vbr
vert brukt for parametriske penslar, dvs. penslar laga med penselredigeringa, som er einaste måten å laga filer i dette formatet på.
Formatet .myb
vert brukt for MyPaint-penslar. Sjå Del 3.8, «MyPaint-pensel» for meir informasjon.
For å gjera ein pensel tilgjengeleg, må han leggjast i ei av dei mappene som GIMP søkjer i. Dette er til vanleg systemmappa brushes
, som du ikkje bør gjera endringar i, og brushes
-mappa i det personlege område ditt for GIMP, som du bør bruka. Du kan også leggja nye mapper til i søkjevegen frå mappa penslar som du finn i biletmenyen under → . Alle filer som har endinga .gbr
, .gih
eller .vbr
og som ligg i ein av søkjevegane til GIMP, vert viste i penselmenyen neste gong du opnar GIMP, eller så snart du har klikka på knappen i penseldialogvindauget.
Notat | |
---|---|
Når du lagar ein ny parametrisk pensel med penselredigeringa, vert han automatisk lagra i den personlege |
Det finst utallege nettstader som du kan lasta ned penslar frå til bruk i GIMP. I staden for å setja opp ei lenkesamling, som likevel nokså snart vert for gammal, er det beste rådet å søkja på nettet etter «GIMP penslar», «GIMP brushes» eller noko liknande. Det finst også mange nettstader med penslar for andre teikneprogram. Mange, men ikkje alle, av desse penslane kan omformast til bruk i GIMP. Dei fleste prosedyrepenslane («procedural brushes») kan diverre ikkje nyttast i GIMP, same kor fancy dei måtte sjå ut. Skulle du ha bruk for slike penslar, kan du sjølvsagt likevel gjera eit forsøk på Internett, eller å finna ein ekspert som veit alt om penslar som passar for GIMP.