4. Mykje brukte handlingar

Denne innføringa er baserte på ein tekst av Copyright © 2004 Carol Spears. Originalane finn du på Internett på [TUT02].

4.1. Føremål

GIMP er eit stort biletredigeringsprogram med utruleg mange verktøy og valfunksjonar. Likvel er GIMP også veleigna for mindre oppgåver. Innføringane i dette kapitlet er meint for deg som har behov for å utføre mindre endringar i eit bilete utan å måtte studere datagrafikk eller å setje seg inn i alle GIMP sine finessar.

Sjølvsagt håper vi at desse innføringane ikkje berre vil vere til hjelp for å løyse den aktuelle oppgåva, men kanskje også å inspirere deg til å ta i bruk nokre av dei meir avanserte metodane og verktøya seinare eingong når du får tid til det.

Det einaste du treng å kunne før du går vidare i kurset, er korleis du finn eit bilete og opnar det. (FilOpna frå biletmenyen).